Antoinette Deshoulières (døypt 2. januar 1638 som Antoinette Du Ligier de la Garde, død ) var ein fransk diktar.
Antoinette Deshoulières var fødd i desember 1637 eller januar 1638. Ho gifta seg som ung med ein tilhengar av prinsen av Condé. Under namnet Amaryllis skreiv ho ode, epistlar, madrigalar og idyllar som skildra det landlege, enkle og uskuldige livet. Deshoulières skreiv òg dramatiske verk, opptredde med ein satirisk sonett i kampen mot Phèdre av Jean Racine, blei satirert av Nicolas Boileau men hylla av andre som «den tiande musa» eller «den franske Kalliope». Ho heldt lenge på populariteten sin, og Voltaire lovprsa henne, medan Fredrik den store gav ut utvalde dikt av henne.
Deshoulières Oeuvres (2 band, 1749) inneheld òg dikt av dottera Antoinette Thèrèse Deshoulières (1662-1718), som heldt fram i fotspora til mora.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Antoinette Deshoulières» frå , den 17. mai 2020. oppgav desse kjeldene: Svensk forslagsbok. Malmö 1931.
Kategori:Franske diktarar Kategori:Forfattarar frå 1600-talet Kategori:Kvinner på 1600-talet