Man of Miracles er det fjerde studioalbumet til Styx, gjeve ut 8. november 1974.

Dette var det siste originale albumet deira for det Chicago-baserte selskapet Wooden Nickel Records, før dei flytta til det større selskapet A&M.

Bakgrunn

Albumet er variert og synte stilen til to av medlemmane og ein førkommersiell stil: Songane til James «JY» Young var meir streite hardrock-songar, medan Dennis DeYoung skreiv meir rolege balladar og progrockprega songar.

Den originale utgåva inneheld ein fengande cover av «Lies» av The Knickerbockers frå 1965. Ei seinare utgåve av Man of Miracles byta ut denne med «Best Thing», ein song som òg vart gjeven ut på det første Styx-albumet frå 1972, som opningsspor på side to. Albumet vart gjeve ut på ny i 1980 med nytt plateomslag og ein tittel forkorta til Miracles. Denne versjonen starta den andre sida med balladen «Unfinished Song», som er sungen av Dennis DeYoung.

Innhald

Medverkande Styx Dennis DeYoung – vokal, klaverinstrument James «JY» Young – vokal, elektrisk gitar John Curulewski – vokal, elektirsk og akustisk gitar, klaverinstrument Chuck Panozzo – bassgitar John Panozzo – trommer, perkusjon

Produksjon Produsent: John Ryan for Chicago Kid Productions Lydteknikar: Gary Loizzo

Salslister Album – Billboard (USA) ÅrListePlassering1974Pop Albums154

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Man of Miracles» frå , den 4. juni 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Styx-album