«The Bell» er ein song av musikaren Mike Oldfield frå albumet Tubular Bells II i 1992. Han vart gjeven ut på singel i april 1993 av Warner Music. Singelen var omstrukturert og kortare enn albumversjonen.
«The Bell» er finalen i første seksjon av Tubular Bells II og ein seremonimeister introduserer instrumental. Singelen har fleire versjon av «The Bell», med forskjellige seremonimeistrar. Desse er Billy Connolly, Carlos Finaly (på spansk), Viv Stanshall, Otto (på engelsk og tysk) og John Gordon Sinclair (live). På albumet var seremonimeisteren Alan Rickman. Sommme utgåver inneheld òg ein instrumentalversjon og remiksar.
Instrumenta som vert introduserte er: flygel, harmonium & pipeorgel, klokkespel, bassgitar, vokal, «to lett sampla elektriske gitarar», «the Venetian effect», «digital lydprosessor» og røyrbjøller. «The Venetian Effect» syner til ein karateristisk mandolinteknikk, ein slags tremolo kjend som bisbigliando, der ein enkel note kjapt vert repetert mange gonger.
Ein av seremonimeistrane på singelen, Viv Stanshall, hadde vore seremonimeister på den originale utgåva av Tubular Bells frå 1973, som «The Bell» er basert på.
Connolly- og Stanshall-ve-rsjonane finst på samlealbumet The Best of Mike Oldfield: 1992–2003.
Innhald
Skogselv-omslaget / Amerikansk utgåve
Eng-omslag
Metallisk bylandskap-omslag
Fjell-omslag
Mike Oldfield-omslag
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Bell (song)» frå , den 4. juli 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1993 Kategori:Mike Oldfield-songar Kategori:Songar skrivne av Mike Oldfield Kategori:Warner Music Group-singlar Kategori:Songar frå 1992 Kategori:Songar produserte av Trevor Horn