Life in a Day er debutalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut i april 1979 på Zoom.
Det nådde 30. plassen på UK Albums Chart. Tittelsporet og «Chelsea Girl» kom ut på singlar.
Utgjeving og mottaking Life in a Day låg seks veker inne på den britiske albumlista og nådde 30. plassen der.Simple Minds. OfficialCharts.com. Henta den 6. september 2020. Tittelsporet kom ut 12. mai som den første singelen til Simple Minds og nådde 62. plassen på den britiske singellista, der han låg inne i to veker. Den neste singelen, «Chelsea Girl», gjekk ikkje inn på lista i det heile. Det var ei hyllest til Nico- og Andy Warhol-filmen Chelsea Girls, og var ein populær konsertsong for bandet.Thompson, Deve. «Chelsea Girl » Allmusic.com. Henta den 6. september 2020.
Andy Kellman i AllMusic rangerte dette Simple Minds-albumet lågast av dei fem første utgjevingane deira, og skreiv at dei etterlikna Magazine og Roxy Music. Han rangerte «Someone» som det beste sporet på plata.Kellman, Andy. «Life in a Day » Allmusic.com. Henta den 6. september 2020. NME-skribenten Tony Stewart roste tekstane og arrangementet, men meinte albumet var openbert inspirert av 70-talsmusikk. Han rangerte «Murder Story» som det beste sporet på albumet. Sjølv om han skreiv at albumet var overprodusert og undergrov stilen til bandet, vurderte han albumet som bra.
I eit intervju i 2012 angra frontmannen i bandet, Jim Kerr, at produksjonen på albumet hadde ført til at songane på albumet mangla «gneisten» som var ein del av konsertframføringane deira, og skildra kjenslene hans om albumet som «bittersøtt». Han hugsa at dei på den tida «køyrde opp til Skottland, og nokon gav meg ein kassett med Unknown Pleasures av Joy Division... og eg tenkte at me hadde fullstendig mislukkast».
Innhald
Medverkande Jim Kerr – solovokal Charles Burchill – gitar, fiolin, vokal Derek Forbes – bass, vokal Brian McGee – trommer, perkusjon, vokal Michael MacNeil – klaverinstrument, vokal John Leckie – plateprodusent
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Life in a Day» frå , den 6. september 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Simple Minds-album Kategori:Debutalbum frå 1979 Kategori:Album produserte av John Leckie