Streetlights er det fjerde studioalbumet til Bonnie Raitt, gjeve ut i 1974.

Innspeling og musikk Bonnie Raitt fekk 10 000 dollar av Warner Bros. Records for å spele inn Streetlights, som var den minste summen ho hadde fått for å spele inn eit album. Warner Bros. var misnøgd med den lange innspelingstida av det førre albumet hennar, Takin' My Time, og selskapet skar ned på utgiftene hennar. Dei to partane vart til slutt samde om eit forskot på meir pengar, mot at Raitt skulle velje ein produsent som tidlegare hadde hatt kommersiell suksess. Raitt valde Jerry Ragovoy, som hadde arbeidd med musikarar som Janis Joplin og Dionne Warwick. Ragovoy meinte at musikken til Raitt vart trekt ned av bluesen hennar, og ønskte å produsere eit album som var glattare og meir polert. Raitt likte ikkje avgjersla til Ragovoy, men godtok det, og Streetlights vart spelt inn sommaren 1974.

Kritikarar har skildra Streetlights som det første forsøket til Raitt på å spele inn musikk for eit større publikum. I motsetnad til den meir ekletiske og tilbakelente stilen på dei tre første albuma hennar, hadde Streetlights enklare arrangement med meir strykarar, inspirert av pop og R&B. Det er det einaste albumet til Raitt der ho ikkje spelar slidegitar. Studiomusikaren Freebo sa at Raitt vart negativt påverka av den meir profesjonelle produksjonen på Streetlights. «Miljøet endra synginga hennar. Ho var i ei profesjonell verd med Streetlights, og ho måtte oppføre seg som ein» sa Freebo. Ni av ti songar på albumet er coverversjonar av songar av musikarar som Joni Mitchell, James Taylor og John Prine. Det eine originale sporet, «Ain't Nobody Home», var skriven av Ragovoy.

Utgjeving og mottaking

Streetlights kom ut i september 1974 på Warner Bros. Streetlights nådde 80. plassen på Billboard Top LPs & Tapes-lista. For å marknadsføre albumet drog Raitt på turné i Nord-Amerika med Jackson Browne, frå 13. september til 24. november.

Innhald

Medverkande Frå den offisielle nettsida til Bonnie Raitt.

Bonnie Raitt – gitar, vokal Bob Babbitt – bass Charlie Brown – gitar Lou Courtney – vokal, korvokal Richard Davis – bass Freebo – bass Jerry Friedman – gitar Steve Gadd – trommer Paul Griffin – klaverinstrument Don Grolnick – klaverinstrument Carl Hall – vokal, korvokal John Hall – gitar Arthur Jenkins – perkusjon David Lasley – korvokal Ralph MacDonald – perkusjon Bob Mann – gitar Dave Matthews – strykarar, blåsarar Jon Mayer – klaverinstrument Jeff Mironov – gitar Leon Pendarvis – klaverinstrument Sharon Redd – korvokal David Spinozza – gitar Tasha Thomas – korvokal John Tropea – gitar Natalie Venable – vokal, korvokal Larry Wilcox – strykarar, horn

Produksjon

Produsent: Jerry Ragovoy Lydteknikarar: Blaise Castellano, Harry Maslin, Bruce Tergesen Remiksing: Harry Maslin Remastering: Lee Herschberg Series produsent: Gregg Geller Prosjektkoordinator: Jo Motta Arranger: Jerry Ragovoy Blåsar- og strykararrangement: Larry Wilcox

Salslister Liste (1974)Plasseringscope="row"

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Streetlights» frå , den 29. september 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Album produserte av Jerry Ragovoy Kategori:Bonnie Raitt-album Kategori:Warner Bros. Records-album