«This Little Light of Mine» er ein amerikansk gospelsong med Roud-nummer 17768. Han blir ofte rekna som ein spiritual. Songen er òg ein populær barnesong.
Innhald og opphav Teksten blir ofte tolka slik at han viser til Jesus si likning om at ljoset ikkje bør setjast under ei skjeppe, men haldast fram så det får skinna klart (Matteus 5:14-15, Markus 4:21-25, Lukas 8:16-18 og Lukas 11:33-36). Gud eller Jesus blir ikkje spesifikt nemnd i teksten, men Matt. 5:14-16 i King James Version seier: «Ye are the light of the world. A city that is set on an hill cannot be hid. Neither do men light a candle and put it under a bushel, but on a candlestick; and it giveth light unto all that are in the house. Let your light shine before men, that they may see your good works and give glory to your Father who is in heaven.»"The New Sounds for Christ in Zimbabwe – This Little Light Of Mine." The Daily Kos, 6. oktober 2008. Henta 7. juni 2009.
Komposisjonen av songen er ofte tillagt læraren Harry Dixon Loes, som skreiv ei rekkje songar og redigerte fleire salme- og songbøker. Han sjølv hevda aldri å ha gjort det, og arbeidsstaden hans Moody Bible Institute har ikkje funne prov på at han komponerte songen. Loes stod likevel bak eit mykje brukt arrangement av songen frå 1940-talet. Songen finst i mange versjonar, og kan i alle høve reknast som ein amerikansk folkesong.
Med hjelp av Zilphia Hortone og Fannie Lou Hamer blei han ein symbolsk song for borgarrettsrørsla i USA på 1950- og 60-talet, særleg framført av Bettie Mae Fikes. Han blei sungen av grupper som Freedom Singers for å gje styrke til demonstrantar truga av politivald.
Songen har òg blitt nytta i nyare samanhengar, mellom anna i protestar mot Donald Trump og under motdemonstrasjonane ved Unite the Right Rally i Charlottesville i 2017.
Ulike versjonar
Sister Rosetta Tharpe, «Godmother of Rock 'N' Roll», framførte songen så tidleg som i 1960. Han blei også sekularisert til «This Little Girl of Mine» av Ray Charles i 1956 og seinare The Everly Brothers.
The Kingston Trio spelte han inn på College Concert i 1962, og The Seekers til det andre britiske albumet sitt, Hide & Seekers i 1964. Songen blei spelt inn og gjeve ut som singel av Raffi på 1980-talet.
Odetta og Boys Choir of Harlem framførte songen på Late Show with David Letterman 17. september 2001, den første sendinga etter terroråtaka i New York 11. september 2001.
Ein svensk tekst, Det lilla ljus, blei skriven av Pelle Karlsson og er blitt spelt inn av blant anna han sjølv på albumet Han är min sång och min glädje i 1973 og av Carola Häggkvist på livealbumet Live i Rättviks kyrks i 1987.
Ettersom ein på den nordlege halvkula, mellom anna i Norden, sterkt assosierer lys med advent og jul, har songen av og til blitt nytta som advent- og julesong i Sverige. Til dømes spelte Charlotte Höglund inn songen på julealbumet sitt Mina gladaste julsongar i 1974.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «This Little Light of Mine» frå , og «This Little Light of Mine» frå den 11. oktober 2020.
Kategori:Barnesongar Kategori:Songar frå 1920-åra Kategori:Gospelsongar Kategori:USA-amerikanske songar Kategori:Roud Folk Song Index-songar