Anders Fjellner () var ein svensk sørsamisk prest og diktar.

Fjellner var fødd på Rödfjället sørvest for Tänndalen i Ljusnedals församling i Härjedalen. Via Härnösands gymnasium kom Fjellner i 1818 til Uppsala universitet, der han vart vigd til prest i 1821. Fjellner snakka sørsamisk, men lærte seg snart nordsamisk og finsk. Han var gift med Christina Päivadtj (Päiviö) frå Karesuando församling.

I 1849 publiserte Fjellner diktsamlinga Päiven pardne («Sønene til sola»), som var skrive i ei samisk språkform basert på den sørsamiske dialekten i Härjedalen og den nordsamiske dialekten i Jukkasjärvi. Dikta skal ha vore basert på mytologiske beretninger som han skreiv ned hos samar i nord og sør. Den finske språkforskaren Otto Donner utgav Fjellner sine dikt i 1876 i verket Lieder der Lappen. Fjellners dikt «Solsonens frieri i landet til jettene», der samane vert skildra som barn av sonen til sola og ei jettekvinne, var ei av inspirasjonskjeldene til det samiske flagget.

Han døydde i Sorsele. Referansar

Denne artikkelen bygger på «Anders Fjellner» frå , den 29. november 2020.

Kategori:Samiske forfattarar Kategori:Svenske forfattarar Kategori:Sørsamar