Randle Lynn Chowning () er ein USA-amerikansk songar og låtskrivar, mest kjend for å ha skipa og vore solovokalist og sologitarist i The Ozark Mountain Daredevils.

Chowning var fødd i Mountain View i Missouri i 1950, og flytta med familien til Springfield i Missouri i 1959. Medan han studerte på Southwest Missouri State University stifta han gruppa The Ozark Mountain Daredevils. Han skreiv og song på den fyrste songen til gruppa, «Country Girl», og song på den fyrste hitten deira, «If You Wanna Get to Heaven».

Chowning slutta i bandet etter ein krangel med bandet i 1976, og var sidan av og på i bandet i seinare år. I 1976 vart han erstatta av nordmannen Rune Walle frå Flying Norwegians. Chowning skipa då sitt eige band, Randle Chowning Band.

I 2005 gav Chowning ut Beyond Reach, ei samling nyskrivne popsongar spelte inn med studiomusikarar i Nashville, i lag med det tidlegare bandmedlemmet Larry Lee.

I 2015 vart Chowning innlemma i Missouri Writers Hall of Fame i lag med Larry Lee. Dei blei også tildelte Quill Award, som dei fyrste låtskrivarane.

Diskografi Randle Chowning Band 1978: Hearts on Fire, A&M Records Soloalbum 2007: Nashville Years, Ozark Bootleg Records

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Randle Chowning» frå , den 19. desember 2020.

Kategori:Folk frå Howell County i Missouri Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:Musikarar frå Missouri Kategori:The Ozark Mountain Daredevils-medlemmar