Tempest var ei britisk progrockgruppe som var aktive frå 1972 til 1974. Kjernen i bandet var Jon Hiseman på trommer og Mark Clarke på bass. Dei gav ut to studioalbum før dei vart oppløyste.

Historie Hiseman og Clarke hadde spelt i lag i Colosseum og skipa Tempest tidleg i 1973. For det første, sjølvoppkalla albumet deira (opphavleg kalla Jon Hiseman's Tempest), bestod besetninga av Allan Holdsworth på gitar og Paul Williamshttp://paulwilliams-uk.com/ Paul Williams, British singer official website på vokal og klaverinstrument.

Seinare i den korte soga til Tempest fekk dei med seg Ollie Halsall, som hadde spelt gitar i progrockbandet Patto. Med to gitaristar spelte gruppa ei rekkje konsertar frå og med ein konsert i Golders Green Hippodrome i London i juni 1973, som vart send på BBC og seinare gjeven ut som ei piratkopiplate feilaktig kalla Live in London 1974. Då det andre albumet vart spelt inn, Living in Fear i 1974, var Tempest redusert til ein trio som bestod av Hiseman, Clarke og Halsall, visstnok fordi Holdsworth ikkje ønskte å spele med ein annan gitarist. Bandet vart oppløyst kort tid etter.

I 2007 kom ei dobbel samleplate kalla Under the Blossom med ommastra utgåver av dei to studioalbuma, to tidlegare studioopptak som ikkje var gjevne ut før frå Living in Fear-tida og BBC-opptaka frå konserten i juni 1973 med dei to gitaristane i besetninga.

Diskografi

Tempest (1973) Living in Fear (1974) Under the Blossom (2007 - samleplate)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tempest (UK band)» frå , den 7. januar 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Britiske progrockband Kategori:Musikkgrupper skipa i 1972 Kategori:Musikkgrupper oppløyste i 1974