Rolv Straume ()Lofotposten, lørdag 27. februar 1982 var ein norsk lærar, ordførar og lokalhistorikar.
Straume var fødd i Gimsøy i Lofoten son av lærar Morten Edvard Robertsen-Strømme og Andrea Martinussen. Han gifta seg i 1908 med Andrea Aleksandra Haagensen (17.06.1889-31.12.1970), ho var dotter til Kristian Haagensen og Ellen Andersen. Dei fekk 3 barn.
Liv og virke
Rolv Straume gjekk ut av Tromsø lærarskole i 1903.
Rolv Straume var lærar i Balsfjord frå 1903-1904, deretter i Buksnes i Lofoten 1904-1913. Til Bø i Vesterålen kom han som lærar i 1913, og her var han fram til 1945. Han var også klokkar ved Bø kyrkje frå 1920 til 1945.
Rolv Straume var med både i ungdomslag og mållag. Han var formann i Buksnes ungdomslag i mange år. Og han var også kasserar i Hålogaland lærarmållag.
Rolv Straume var aktivt med i lærarorganisasjonane. Han var formann i Buksnes lærarlag i fleire år, og han var også lærarane sin representant i Buksnes skolestyre. Han var også styremedlem i Lofoten og Vesterålens krinslærarlag. Straume var formann i Bø lærarlag 1912-1923 og 1926-35. Frå 1931 til 1934 var han formann i Bø skolestyre.
Rolv Straume var formann i Bø arbeidarparti 1914-1923 og 1933-37. Frå 1932 til 1940 var han medlem av Bø heradstyre, og frå 1935 til 1940 var han ordførar i Bø herad. Han var også medlem i likningsnemnda, forliksrådet, styret for trygdekassa, og styret for Vesterålens Kraftlag.
Bø bygdebok Då Rolv Straume gjekk av med pensjon, starta han med å samle inn stoff til ei bygdebok. Og i 1957 var han ferdig med det som skulle bli tre bøker. Men det tok enno nokon år før bøkene kom ut i 1962-1964.«Bø bygdebok ferdig», Lofotposten, torsdag 22. oktober 1964
Utmerkingar Kongens fortenestemedalje, 1972.Nordlandsposten, tirsdag 31. oktober 1972 Bø kommunes kulturpris for 1978.Lofotposten, torsdag 7. desember 1978
Utgjevingar Rolv Straume: Bø bygdebok, bind 1. Utgitt av Bø kommune, Tromsø 1962. 557 sider (Nynorsk) nb.no Rolv Straume: Bø bygdebok, bind 2. Utgitt av Bø kommune, Tromsø 1963. 499 sider (Nynorsk) nb.no Rolv Straume: Bø bygdebok, bind 3. Utgitt av Bø kommune. Stokmarknes Aktietrykkeri . 583 sider (Nynorsk) nb.no Fleire artiklar i Håløygminne og Hofdasegl.
Referansar
Kjelder «65 år», Lofotposten, tirsdag 29. juli 1947 «70 år», Lofotposten, onsdag 30. juli 1952 «75 år», Lofotposten, lørdag 27. juli 1957 «75 år», Nordlands Framtid, torsdag 25. juli 1957 «Rolv Straume runder 80», Lofotposten, fredag 3. august 1962 «90 år», Lofotposten, lørdag 29. juli 1972 «Fikk kulturprisen i Bø», Lofotposten, torsdag 7. desember 1978 «Kulturprisen 1978», Bøfjerding -80. Årbok for Bø, side 100. Bø bygdelag: [utgitt 1979] Arne Espeland: Norske skolefolk, Stavanger 1934, side 1170 Lars Beite: Norske skolefolk, Bind 2. Stavanger 1966, side 1427f
Kategori:Norske lærarar Kategori:Ordførarar i Bø i Nordland Kategori:Ap-ordførarar i Nordland