Den USA-amerikanske hæren er ein profesjonell hær som har hovudansvaret for USA sine militære operasjonar på land. Hæren har nytta vernepliktpersonell ved tre større konfliktar: Andre verdskrigen, Koreakrigen og Vietnamkrigen.

mini|venstre|Representantar frå hæren (med flagg og fanet til venstre) under ein seremoni under «Dagen for dei væpna styrkane» ved Pentagon 18. mai 2000.

Hæren kan føra røtene sine attende til 14. juni 1775, då Den kontinentale hæren vart skipa av Dei tretten koloniane for å ta del i fridomskampen mot dei britiske koloniherrane. Etter at USA fekk sitt sjølvstende, vart Den kontinentale hæren lagt ned, og Kongressen oppretta den nye nasjonale hæren 3. juni 1784.

I 2012 hadde hæren rundt 1,1 millionar medlemmer, 546 047 personar som aktivt personnel og 559 244 i reservestyrkane eller nasjonalgardepersonnel.

Hæren vert styrt av det amerikanske hærdepartementet som ligg under Det USA-amerikanske forsvarsdepartementet. Den høgaste og sivile leiaren for hæren er hærministeren (Secretary of the Army, SECARMY eller SA), som sidan 2009 har vore John M. McHugh. Den høgast rangerte offiseren i departementet er hærstabssjefen (Chief of Staff of the Army), sidan 2011 Raymond T. Odierno, medan den høgaste rangerte offiseren i heile det amerikanske forsvaret er Chairman of the Joint Chiefs of Staff, sidan 2011 Martin Dempsey.

Inndelingar Den noverande inndelinga av hæren omfattar 10 aktiver divisjonar og fleire sjølvstendige einingar.

Engelsk namnNorsk namn Hovudkvarter 25px|venstre 1st Armored Division1. panserdivisjonFort Bliss i Texas20px|venstre 1st Cavalry Division 1. kavaleridivisjonFort Hood i Texas20px|venstre 1st Infantry Division 1. infanteridivisjonFort Riley i Kansas20px|venstre 2nd Infantry Division 2. infanteridivisjonCamp Red Cloud i Sør-Korea20px|venstre 3rd Infantry Division 3. infanteridivisjonFort Stewart i Georgia 4th Infantry Division 4. infanteridivisjonFort Carson i Colorado. 10th Mountain Division 10. fjelldivisjonFort Drum i New York20px|venstre 25th Infantry Division 25. infanteridivisjonSchofield Barracks på Hawaii20px|venstre 82nd Airborne Division 82. luftborne divisjonFort Bragg i Nord-Carolina20px|venstre 101st Airborne Division 101. luftborne divisjonFort Campbell i Kentucky22px|venstre 173rd Airborne Brigade Combat Team Vicenza i Italia20px|venstre 2d Stryker Cavalry Regiment Vilseck i Tyskland20px|venstre 3d Armored Cavalry Regiment Fort Hood i Texas20px|venstre 11th Armored Cavalry Regiment Fort Irwin i California

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «United States Army» frå , den 6. november 2013.

USA Kategori:Det USA-amerikanske forsvaret Kategori:Skipingar i 1775 Kategori:Skipingar i 1784 Kategori:Hærar