Solveig Kopperstad Bratseth () er ein norsk sjukepleiar, politikar og fagforeiningsleiar som var 1. nestleiar i Norsk Sykepleierforbund (NSF) frå 2011 til 2019. Ho var vald til medlem i forbundsstyret i NSF i 2004–2007 og gjenvald som medlem i 2007–2011.

På landsmøtet i 2011 vart ho for fyrste gong vald til 1. nestleiar for perioden 2011-2015, andre gong for perioden 2015-2019.

Kopperstad Bratseth er oppvaksen i Herøy kommune på Sunnmøre og utdanna sjukepleier ved Bergens Diakonissehjems Sykepleierhøyskole. Ho har arbeidd som sjukepleier, sjukepleiarleiar og som seniorrådgjevar i NAV. Bratseth var medlem i Trondheim bystyre for KrF frå 1995 til 2007. Frå 2005 til 2013 var ho 1. vara for Sør-Trøndelag KrF på Stortinget.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Solveig Kopperstad Bratseth» frå , den 19. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske fagforeiningsleiarar Kategori:Norske sjukepleiarar