Gabriella Horn (Christian Ude: ESC-Ticket für Pandabär mit blauem Haar. I: Kleine Zeitung, 30. januar 2019, s. 76–77.), best kjend under artistnamnet Pænda (òg skrive PÆNDA og Paenda), er ein austerriksk låtskrivar og elektropop-artist. Ho representerte Austerrike i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel med songen «Limits».
Bakgrunn Horn vaks opp i byen Deutschlandsberg i delstaten Steiermark i Austerrike. Som seksåring byrja ho å synga i kor, og som 14-åring skreiv ho dei fyrste songane sine. Ho lærte òg å spela gitar og piano, og ho drog til hovudstaden Wien som 20-åring. Der studerte ho jazz og pop ved Vienna Music Institute og vart uteksaminert i 2013.
Pænda bur no i Ottakring, der ho komponerer musikk, skriv tekstar og melodiar. Ved konsertar får ho instrument- og vokalstøtte av systera si og ei venninne. Ved sida av musikkarrieren jobbar ho òg som songlærar innan popsjangeren ved ein musikkskole i Leobersdorf. I 2015 deltok ho i den tyske reality-TV-serien Popstars.
Pænda representerte Austerrike i Eurovision Song Contest i Tel Aviv i mai 2019 med songen «Limits».
Diskografi
Singlar
2017: «Waves» 2018: «Good Girl» 2018: «Paper-thin» 2019: «Limits»
Album
2018: Evolution I 2019: Evolution II
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Pænda» frå , den 22. november 2021.
Kategori:Austerrikske songarar Kategori:Austerrikske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Austerrikske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-låtskrivarar