Malcolm Henry Arnold () var ein britisk komponist og dirigent.

Liv og virke Arnold byrja karrieren med å spela trompet profesjonelt, men frå han var tretti år vigde han seg heilt til komposisjon. Han er plassert saman med Benjamin Britten og William Walton som dei mest etterspurde komponistane i Storbritannia.fabermusic.com One of the best-known British composers of the 20th century Den naturlege melodiske gåva hans gav han eit rykte som ein komponist av lett musikk som til dømes satsane hans for walisiske, engelske, skotske, irske og korniske dansar, og orkestermusikken hans for filmar som blant anna Hobsons valg regissert av David Lean.

Verka hans er særskilt populære blant ungdoms- og amatørorkester, delvis på grunn av at dei er lettspelte, men òg på grunn av den unike stilen hans som kombinerer musikalske element frå klassisk, jazz, populærmusikk og folkemusikk. Han var ein favoritt ved BBC Promenade Concerts og Hoffnungfestivalane. Han var òg vernar av Rochdale Youth Orchestra fram til han døydde i september 2006.

Arnold skreiv Trevelyansuiten for å markera opninga av Trevelyan College ved Universitetet i Durham. Dottera hans var blant dei første studentane ved fakultet.

Sidan 1980-talet har det vore fleire konsertar og festivalar vigd musikken hans. Denne er blant anna blitt framført i samband med europameisterskapet for brassband. I oktober er det ein årleg Malcolm Arnold-festival i fødebyen hans Northampton.

Utvalde innspelingar

Symphonies 1–9 - Naxos 8.505221 Concert Overtures - Chandos CHAN 10293 Guitar Concerto - RCA 74321 88392-2

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Malcolm Arnold» frå , den 17. desember 2021.

Biografiar

Thöne, Raphael D. (2008): Malcolm Arnold – Symphonisches Schaffen, Stil und Ästhetik (på tysk). DE: Entercom Saurus. ISBN 978-3937748085. Thöne, Raphael D. (2007): Malcolm Arnold – A Composer of Real Music: Symphonic Writing, Style and Aesthetics (på engelsk). US/UK: Entercom Saurus. ISBN 978-3937748061. Meredith, Anthony; Harris, Paul (2004): Malcolm Arnold: Rogue Genius. UK: Thames / Elkin. ISBN 090341354X. Jackson, Paul R. W. (2003): The Life and Music of Sir Malcolm Arnold – The Brilliant and the Dark. UK: Ashgate. ISBN 1859283810. Craggs, Steward R. (1998): Malcolm Arnold: A Bio-Bibliography. US: Greenwood. ISBN 031329254X. Burton-Page, Piers (1994): Philharmonic Concerto: The Life and Music of Sir Malcolm Arnold. UK: Methuen. ISBN 041345651X. Cole, Hugo (1989): Malcolm Arnold: An Introduction to His Music. UK: Faber & Faber. ISBN 0571100716. Poulton, Alan (1986): The Music of Malcolm Arnold. UK: Faber & Faber. ISBN 0571100570. Schafer, (Raymond) Murray (1963): British Composers in Interview. UK: Faber & Faber.

Minneord

Obituary in the Independent Obituary in the Daily Telegraph Obitary in the Guardian Obiturary in the Times BBC Obituary: Sir Malcolm Arnold BBC Composer Sir Malcolm Arnold dies

Kategori:Britiske dirigentar Kategori:Engelske komponistar