«Sjum» (stilisert på engelsk som «SHUM» og på ukrainsk som «ШУМ», tyder 'støy') er ein song av den ukrainske elektrofolk-gruppa Go_A. «Sjum» var det ukrainske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland, der han enda på femteplass.

Bakgrunn Teksta til denne songen er ein variasjon av ukrainsk folkemusikk som vert sungen i folkeritualet «sjum». Ritualet inneber eit spel og vert utøva om våren. Ifølgje nokre etnografar refererer Sjum til guden eller personifiseringa av skogen.Лідія Козар. Весняна обрядовість у виданні Б. Грінченка «Этнографические материалы, собр. в Черниговской и соседних с ней губерниях»: дохристиянські вірування і сучасний контекст. — Міфологія і фольклор, № 1 — 2012. Etymologisk kjem namnet på ritualet mest sannsynleg frå dei urslaviske orda šumъ ('støy') eller šuma ('skog').

Vokalisten i Go_A, Kateryna Pavlenko, vaks opp i Nord-Ukraina og songen er inspirert av folkeminnet frå denne regionen.

Om songen «Sjum» vart 4. februar 2021 vald til å representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2021, etter at Go_A vart internt vald som representant for landet av den ukrainske allmennkringkastaren UA:PBC. Songen vart plukka ut av ein jury beståande av fem musikkfolk.

Eurovision Song Contest-versjon I mars 2021 vart ein ny versjon av songen utgjeven med ein ny musikkvideo. Originalutgåva var for lang og hadde lånt tekst frå eksisterande folkesongar, som ikkje er lov i Eurovision Song Contest. Pavlenko fortalde at gruppa strevde med å kutte originalversjonen av songen ned til tre minuttar. Derfor valde dei å lage ein «oppfølgjar» i staden for å kutta ned på den føre songen. Pavlenko forklara at originalversjonen av «Sjum» ikkje var meint for Eurovision Song Contest, men for konsertturneen dei skulle ha etter den avlyste Eurovision Song Contest 2020. Meininga med originalversjonen var å attskape folkeritualet under spelejobbane saman med publikum.

Den nye versjonen av «Sjum» vart tilpassa Eurovision Song Contest og er basert på vesnjanka-folkemusikk. Ifølgje Pavlenko var det meininga at den nye versjonen skulle ha meir «positiv energi», siden originalversjonen, som er basert på folkeritualet, er «meir intens».

Musikkvideo 22. januar 2021 publiserte Go_A ein musikkvideo til «Sjum» på YouTube-kanalen til bandet. Litt under tre veker seinare nådde videoen ein million visingar. Pavlenko kommenterte at musikkvideoen vart laga med eit mobilkamera og, til trass for pandemi-estetikken i videoen, at intensjonen deira var å eksperimentere og «filme ein artig video». For Eurovision-versjonen av «Sjum» filma dei ein ny musikkvideo i ein skog nær Tsjernobyl atomkraftverk.

Eurovision Song Contest 17. november 2020 stadfesta EBU at semifinale-inndelinga frå den avlyste 2020-utgåva skulle brukast for tevlinga i 2021. Ukraina deltok i den fyrste semifinalen tysdag 18. mai 2021, der bidraget enda på andreplass. «Sjum» vart dimed kvalifisert til finalen der den vart framført som det 19. bidraget. Songen fekk til saman 364 poeng og enda på femteplass samanlagt. I telefonavrøystinga enda låten på andreplass med 267 poeng, bak vinnarlandet Italia. «Sjum» fekk 12 poeng frå fem land i telefonavrøystinga.

Mottaking To dagar etter Eurovision Song Contest gjekk «Sjum» til topps på den globale Spotify Viral 50-lista, og vart liggjande der til 1. juni. Han toppa òg vekelista i slutten av mai. Songen gjekk òg inn på Billboard Global 200 i byrjinga av juni. Songen nådde der ein 158. plass, og «Sjum» vart den fyrste ukrainskspråklege låten til å ta seg inn på lista. Den same veka nådde «Sjum» 80. plass på Billboard Global Excl. U.S. Låten gjekk òg inn på ei rekkje hitlister i Europa i vekene etter Eurovision Song Contest.

Listeplasseringar Liste (2021)Høgaste plasseringBelgia (Ultratop Flandern)29Finland (Suomen virallinen lista)17Global 200 (Billboard)158Hellas (IFPI Greece)8Irland (IRMA)37Island (Tónlistinn)11Litauen (AGATA)3Nederland (Single Top 100)19Russland (Tophit Radio & YouTube)33Slovakia (Singles Digitál Top 100)61Storbritannia (UK Singles )59Sveits (Schweizer Hitparade)36Sverige (Sverigetopplistan)27Tsjekkia (Singlast Digitál Top 100)55Tyskland (Deutsche offizielle Charts)66Ukraina (Tophit Radio & YouTube)1US World Digital Song Sales (Billboard)3Austerrike (Ö3 Austria Top 40)35

Utgjevingshistorikk RegionDatoFormatMerkeDiverse22. januar 2021Digital nedlasting, strøymingUtgjeve på eige forlag

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Shum (song)» frå , den 18. desember 2021. Denne artikkelen bygger på «Sjum» frå , den 18. desember 2021.

Kategori:Ukrainske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-songar Kategori:Ukrainskspråklege Eurovision Song Contest-songar