«Walking Out» (norsk 'går ut') er ein popsong frå 2019 som vert framført av den armenske songaren Srbuk. Songen er skriven av Lost Capital, tokionine og Garik Papoyan – som òg skreiv det armenske bidraget frå 2014 for artisten Aram Mp3. «Walking Out» var det armenske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.

Eurovision Song Contest «Walking Out» vart vald ut av Armenias offentlege TV-selskap til å representere landet i Eurovision Song Contest. Artisten Srbuk vart vald som den armenske representanten i november 2018. «Walking Out» vart offentleggjort 10. mars 2019.

«Walking Out» var det fyrste bidraget på scena i den andre semifinalen torsdag 16. mai 2019 i Expo Tel Aviv. Songen enda på 16. plass i semifinalen, og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 18. mai.

Sporliste Digital nedlastingNr.TittelLengd01«Walking Out»2:56 Digital nedlastingNr.TittelLengd01«Walking Out» (Piano-cover)4:09 Digital nedlastingNr.TittelLengd01«Walking Out» (Going Deeper-remiks)3:08

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Walking Out» frå , den 23. desember 2021.

Kategori:Armenske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar