Tvergrov, i daglegtale Tvergrova, er namnet på den fremste garden på nordsida av Bondalen i Hjørundfjord i Ørsta kommune. Matrikkelgarden har gardsnummer 156 i Ørsta.
Garden ligg om lag 12 km frå Hjørundfjord kyrkje.
Utover på 1900-talet var her fire gardsbruk i drift. I 2006 var eitt gardsbruk i drift. Inntil for kort tid sidan var det to... og rundt 1980 var det fire gardar her.
Ifølgje Hjørundfjordboka Band V «Gard og ætt», av Lars Strømme og Ragnar Standal, kan namnet ha fleire tydingar. Namnet har vore skrive både Tvergroff og Tuergrov, men og Thuerberg. Det siste vert rekna som ein glipp. Namnet vert uttala som det no skrivst. Det heng saman med elva som kjem ned her - ei lita elv (grov) på tvers av dalen, ned i ei større.
Ole Christian Tvergrov var frå Tvergrova.
Folketal: 1801: 17 1865: 19 1900: 36
Tvergrov er eit så sjeldant namn at alle som har dette namnet kjenner banda tilbake til ein av dei fire gardane. Det er slik råd å «overnatte» kvar som helst i inn- og utland tvergrovingar i mellom.
Kjelder Hjørundfjordboka 5, s. 7ff.
Kategori:Ørsta kommune Kategori:Matrikkelgardar i Ørsta