Brudesporeslekta (Gymnadenia) er ei slekt i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.
Systematikk På verdsbasis har brudesporeslekta nokre titals artar, der fleire tidlegare underartar har fått status som sjølvstendige artar. I svært mange klassifiseringar, mellom anna i Sverige og Finland, er svartkurle (Nigritella nigra) og andre artar i svartkurleslekta Nigritella innlemma i brudesporeslekta, men i Artsdatabanken har ein vald å oppretthalde svartkurleslekta som ei eiga slekt.
Etymologi Namnet Gymnadenia er laga ut frå dei greske orda gymnós (γυμνός), som tyder naken, og adénas (αδένας, gammalgresk ἀδήν), som tyder kjertel.
Artar Artsdatabanken opererer med to artar i Noreg:
brudespore eller engbrudespore (G. conopsea) praktbrudespore (G. densiflora)
Av desse er praktbrudespore teken med på Norsk raudliste for artar (2021) som sårbar (VU).
I Norden finst elles: duftspore (G. odoratissima), i Sverige (NT)
Dersom ein innlemmar svartkurle i Gymnadenia, slik det er gjort i den svenske klassifiseringa, vil hybriden mellom brudespore og svartkurle framstå som ein art i brudesporeslekta, G. ×runei. Når ein har valt å oppretthalde svartkurleslekta som ei eiga slekt, slik Artsdatabanken har gjort, blir dette ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) som får eit eige slektsnamn, ×Gymnigritella: brudekurle eller raudkurle (×Gymnigritella runei, [Gymnadenia runei]), endemisk for Sverige (NT)
På Dei britiske øyane finst òg: grannbrudespore (G. borealis), truleg endemisk (LC)
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Slekter i orkidéfamilien