Snauflangre (Epipactis phyllanthes) er ei plante i flangreslekta Epipactis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Arten lever i barskog eller lauvskog i den nordlige og vestlege delen av Europa, men finst ikkje i Noreg.
Systematikk I den svenske Artdatabanken er det oppgitt at snauflangre har tre underartar i Sverige: E. phyllanthes ssp. arenaria (svensk namn sandknipprot) E. phyllanthes ssp. confusa (svensk namn dansk knipprot) E. phyllanthes ssp. pendula (svensk namn engelsk knipprot)
I Plants of the World Online er desse ikkje rekna som underartar, men som synonym for arten.
Utbreiing I Sverige finst snauflangre (svensk namn kal knipprot) på Gotland og somme stader på fastlandet heilt i sør. Han er oppgradert i 2025 frå sterkt truga til kritisk truga (CR).
Arten (dansk namn nikkende hullæbe) er relativt sjelden i Danmark, men har spreidde veksestader i fleire landsdelar og er rekna som livskraftig (LC).
Snauflangre (engelsk namn green-flowered helleborine) er ganske vanleg sør i England med spreidde funnstader lenger nord og i Wales, men ikkje i Skottland. I den britiske raudlista har arten status som livskraftig (LC), på same måte som lokalt i England, medan han er rekna som sårbar (VU) i Wales. I Irland er arten sjeldsynt og er rekna som sterkt truga (EN).
I Belgia har arten (nederlandsk namn groene wespenorchis, fransk namn épipactis à fleurs pendantes) nokre få veksestader i Flandern i nærleiken av Brussel, og han finst ikkje i Vallonia. Han er rekna som nær truga (NT, bijna in gevaar) i Flandern. I Tyskland er arten (tysk namn Grünblütige Ständelwurz) rekna som sterkt truga (EN, stark gefährdet).
Hybridar Hybriden mellom snauflangre og skogbreiflangre (Epipactis helleborine ssp. helleborine × phyllanthes eller Epipactis ×bruxellensis) er registrert i Sverige og er funnen i herbariemateriale frå Sjælland i Danmark. Hybriden med raudflangre (Epipactis atrorubens × phyllanthes) er òg funnen i Sverige. Det første kjende funnet i verda av hybriden mellom snauflangre og grønflangre (Epipactis leptochila × phyllanthes) vart registrert i ein skog på Lolland i år 2000.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Orkidear i Danmark Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Irland Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Flangreslekta