Faith No More er eit amerikansk rockeband frå San Francisco i California, skipa i 1979. Før dei slo seg til med det noverande namnet i juli 1983 hadde bandet namna Sharp Young Men og seinare Faith No Man. Bassisten Billy Gould, klaverspelaren og rytmegitaristen Roddy Bottum og trommeslagaren Mike Bordin er dei lengstvarande medlemmane i bandet, og har vore involvert sidan starten. Bandet gjekk gjennom fleire endringar i besetninga dei første åra, og somme store endringar seinare. Den noverande besetninga til Faith No More består av Gould, Bordin, Bottum, sologitaristen Jon Hudson, og vokalisten og tekstforfattaren Mike Patton.
Etter å ha gjeve ut seks studioalbum, inkludert bestseljarane The Real Thing (1989) og Angel Dust (1992), annonserte Faith No More at dei offisielt gav seg den 20. april 1998. Bandet kom sidan saman att og gjennomførte The Second Coming-turneen i 2009 og 2010, og gav ut det sjuande studioalbumet sit, Sol Invictus, i mai 2015. Etter turneen for Sol Invictus, tok Faith No More ein pause igjen. I november 2019 annonserte bandet at dei skulle på turné i Europa i 2020, men på grunn av covid-19-pandemien, vart dette utsett. Turneen skulle starte opp att i USA i september 2021, men heile turneen vart til slutt avlyst etter at Patton sleit med den mentale helsa..
Bandmedlemmar Noverande medlemmar Mike Bordin – trommer, perkusjon, korvokal (1981–1998; sidan 2009) Billy Gould – bass, korvokal (1981–1998; sidan 2009) Roddy Bottum – klaverinstrument, rytmegitar, korvokal (1983–1998; sidan 2009) Mike Patton – solovokal (1988–1998; sidan 2009) Jon Hudson – sologitar, korvokal (1996–1998; sidan 2009)
Diskografi Studioalbum We Care a Lot (1985) Introduce Yourself (1987) The Real Thing (1989) Angel Dust (1992) King for a Day... Fool for a Lifetime (1995) Album of the Year (1997) Sol Invictus (2015)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Faith No More» frå , den 29. april 2022. oppgav desse kjeldene: . Prato, Greg (2013). The Faith No More & Mr. Bungle Companion. Createspace. . Harte, Adrian (2018). Small Victories: The True Story of Faith No More. Jawbone Press. .
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske alternative metal-grupper Kategori:Rockegrupper frå California Kategori:USA-amerikanske funk metal-grupper Kategori:USA-amerikanske eksperimentelle rockegrupper Kategori:Musikkgruppar oppløyste i 1998 Kategori:Musikkgrupper skipa i 1979 Kategori:Musikkgrupper frå San Francisco