«Dog Eat Dog» er opningssporet på Adam and the Ants-albumet Kings of the Wild Frontier. Det var skrive av Adam Ant og Marco Pirroni, og består av dei to Burundi-rytmane som Adam and the Ants vart kjende for. Songen kom ut på singel 3. oktober 1980, og vart den første topp 10-hitten deira.
Kort tid etter singelen kom ut framførte bandet songen på Top of the Pops den 16. oktober 1980, som var med på å føre singelen opp til fjerdeplassen på UK Singles Chart, og auke forventningane til det komande albumet, Kings of the Wild Frontier (utgjeve 3. november 1980).
B-sida til singelen var «Physical (You're So)», som var ei nyinnspeling av ein eldre song av bandet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dog Eat Dog (Adam and the Ants song)» frå , den 6. mai 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Adam and the Ants-songar Kategori:Songar skrivne av Adam Ant Kategori:Songar skrivne av Marco Pirroni Kategori:Songar frå 1980 Kategori:CBS Records-singlar Kategori:Songar produserte av Chris Hughes