Samisk kunstnerforbund (nordsamisk Sámi dáiddačehpiid searvi, SDS) er eit norsk forbund stifta i 1979. Det har som føremål å vera ein fageig organisasjon for samiske biletkunstnarar, kunsthandverkarar og kunstnariske fotografar frå heile det samiske området, og å ivareta dei faglege, økonomiske, sosiale og ideelle interessene til medlemmene sine. SDS er også medlem av Samisk kunstnerråd.
SDS blei opprettet av initiativtakarane bak den såkalla Masi-gruppa eller Samisk kunstnergruppe og den samiske kunstnaren Nils Aslak Valkeapää.Kronikk i Dagbladet 5. desember 1999, av Morten Johan Svendsen.
Sidan 1989 har SDS hatt forhandlingsrett med den norske staten og forvaltar gjennom Samiske Kunstneres og Forfatteres Vederlagsfond (SKFV) andelen av stipendmiddel som resultat av forhandlingane som visingsvederlag, bibliotekvederlag og kopieringsvederlag.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Samisk kunstnerforbund» frå , den 11. mai 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Samisk kunst Kategori:Skipingar i 1979 Kategori:Samiske organisasjonar Kategori:Norske kunstnarorganisasjonar