Filip Jícha () er ein tsjekkisk handballspelar og -trenar frå Plzen. Han var med om å vinne meisterligaen for Kiel både som spelar og seinare -trenar. Han var venstre rykkromspelar.
Jícha var perioden 2000-05 aktiv i klubbar i heimlandet Tsjekkia, Qatar, Saudi-Arabia og Sveits. I tiåret 2005-15 spelte han fyrst to sesongar i tyske Lemgo, deretter åtte sesongar i THW Kiel. Med Lemgo vann han EHF-cupvinnarcupen 2006 og med Kiel EHF-meisterligaen 2010 og 2012. Jícha avslutta med spel for FC Barcelona 2015-17, der han fekk med seg nasjonale dobbeltriumfar begge sesongane.
Åra 2000-16 skåra Jícha heile 877 mål på sine 158 landskampar for Tsjekkia.
I 2019 vart Jícha sjefstrenar i THW Kiel. Han leia laget til triumf i EHF-meisterligaen 2020, to tyske seriemeisterskap og siger i den tyske pokalfinalen 2022.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jícha» frå , den 13. oktober 2022.
Kategori:Tsjekkiske handballspelarar