Eizō Kenmotsu () er ein japansk tidlegare turnar som vart verdsmeister i mangekamp i 1970.
Kariere Kenmotsu vann gullmedalje med Japan i lagtevlinga under Sommar-OL 1968, Turn-VM 1970, Sommar-OL 1972 og Turn-VM 1974. I 1970 vann han mangekampen og svingstang-øvinga ved verdsmeisterskapen i Ljubljana. To år seinare, då dei olympiske sommarleikane vart avvikla i München, vart Kenmotsu andremann i mangekampen. I Turn-VM 1974 vart han tredjemann i mangekampen og tok han gull i skranke. Sidan fekk han med seg to sølvmedaljar frå Sommar-OL 1976 og like mange frå Turn-VM 1978. I sin siste internasjonale meisterskap, Turn-VM 1979, måtte Kenmotsu nøye seg den sølvmedaljen han fekk i lagtevlinga.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Eizo Kenmotsu» frå , den 30. november 2022.
Kategori:Japanske turnarar Kategori:Verdsmeistrar i turn Kategori:Olympiske meistrar for Japan Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Japan Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Japan Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:Japanske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:Japanske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Japanske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1976