Mary Douglas (), fødd som Margaret Mary Tew, var ein britisk antropolog, kjend for arbeid innanfor menneskekultur, symbolisme og risiko, med sosialantropologi som hovudområde. Douglas vart sett på som ein tilhengjar av Émile Durkheim og ei talskvinne for strukturalistisk analyse, med ei sterk interesse for komparativ religion.Fardon, Richard (2018). Immortality yet? Or, the permanence of Mary Douglas. Anthropology Today, 34.4, August, 23–26.

Liv og virke Mary Douglas var fødd i Sanremo i det dåverande Kongedømet Italia som dotter av Gilbert og Phyllis (fødd Twomey) Tew. Faren hennar, Gilbert Tew, var medlem av den indiske siviltenesta som tenestegjorde i Burma; også morfaren hennar, Daniel Twomey, var sjefsdomar for hovudretten i Nedre Burma. Mora hennar var ein truande katolikk, og Mary og den yngre systera hennar, Patricia, vart oppdregne i denne trua. Etter at mora døydde vart systrene oppdregne av besteforeldra på morssida og gjekk på ein katolsk skule i Roehampton. Mary byrja dinest å studera ved St. Anne's College i Oxford frå 1939 til 1943; der ho vart inspirert og påverka av E.E. Evans-Pritchard.

Douglas arbeidde ved eit britisk kolonikontor, der ho møtte mange sosialantropologar. I 1946 drog ho tilbake til Oxford for å taka eit «konverteringskurs» i antropologi og registrerte seg for doktorgraden sin i antropologi i 1949. Frå 1949 til 1951 gjorde ho eit feltarbeid med lele-folket i det som då var Belgisk Kongo. Dette tok henne til landsbylivet i regionen mellom Kasaielva og Loangeelva, der lelefolk budde på kanten av det som tidlegare hadde vore Kuba-riket. Ein borgarkrig hindra henne likevel i å fullføra feltarbeidet sitt. Trass vanskane, greidde ho å laga sin fyrste publikasjon, The Lele of the Kasai, gjeven ut i 1963.

I 1951 fullførte ho doktorgraden sin, same året som ho gifta seg med James Douglas. I likskap med Mary, var han òg katolikk. Han hadde vorte fødd inn i ein kolonifamilie i Shimla, medan faren tenestegjorde i den indiske hæren. Saman hadde dei tre born. Ho underviste ved University College London, der ho var i 25 år, og vart professor i sosialantropologi.

Douglas vart for fullt kjend då ho gav ut den mest kjende boka si, Purity and Danger (norsk Rent og urent) i 1966.

Ho skreiv The World of Goods i 1978 med ein økonometrist, Baron Isherwood, som vart sett på som eit banebrytande arbeid innanfor økonomisk antropologi. Saman med statvitaren Aaron Wildavsky skreiv ho ei bok om risiko og fare. Dei nytta rammeverket «cultural theory of risk» for å utforska korleis og kvifor samfunnsgrupper ser vekk frå nokre farar men reknar andre som risikoar som krev mottiltak.Douglas, M. & Wildavsky, A. B. (1982). Risk and Culture: An essay on the selection of technical and environmental dangers. Berkeley: University of California Press

Ho underviste og arbeidde i Sambandsstatane i 11 år. Der gav ho mellom anna ut arbeid om risikoanalyse og miljø, forbruks- og velferdsøkonomi og mat og ritual. Etter fire år som forskingsprofessor i kulturstudiar ved Russell Sage Foundation i New York frå 1977 til 1981, gjekk ho over til Northwestern University som Avalon professor i humaniora der ho fekk i oppdrag om å samla studiane teologi og antropologi, dinest arbeidde ho tre år ved Princeton University. Douglas tok imot ein æresdoktorgrad frå det humanistiske fakultet ved Universitetet i Uppsala i 1986. I 1988 returnerte ho til Storbritannia.

mini|Gravsteinen til Jamses og Mary Douglas i Highgate Cemetery.

I 1989 vart ho stipendiat ved British Academy. Tre år seinare, i 1992, fekk ho den britiske imperieordenen (CBE), og vart utnemnd til Dame Commander of the Order of the British Empire (DBE) i Queen's New Year's Honours List publisert den 30. desember 2006. Mary Douglas døydde i London den 16. mai 2007, i ein alder av 86 år, som fylgje av kreft. Ektefellen hennar døydde i 2004.

I 2002 vart ei tolvbindsutgåve av verka hennar, Collected works, gjeven ut av Routledge.Douglas M., Collected works (12 vols.) 2002, London: Routledge (3168 sider),

Antropologiske bidrag

The Lele of the Kasai (1963) mini|portrett|Ein lelemann fotografert i 1910. Douglas undersøkte mellom anna tydinga til raffiaklede i lelesamfunnet.

Douglas sin fyrste publikasjon, The Lele of the Kasai, fokuserte på eit matrilineært samfunn, lele-folket, i Kasai (no Kasaï-Occidental). Dette matrilineære samfunnet var prega av ei sterk oppgåvefordeling, polyandriske ekteskapsreglar, egalitarisme, autonomi og anarkisme; ei sosial verd som var heilt ymse frå hennar eiga og som sette seg opp mot læra til Evans-Pritchard. Ho braut frå ei funksjonalistisk tilnærming ved sine analysar av produksjon og fordeling av rikdom blant klanar, ei detaljert skildring av matrilineær organisasjon og rolla til aristokratiske klanar i maktstrukturen, og ekteskapet si rolle i alliansestrategiane mellom klanane og praksis og tilsyn med hekseri. Det intense empiriske arbeidet til Douglas gav henne eit innblikk i den konkrete praksisen til lele-folket som var i strid med teoriane utvikla av institusjonane. I løpet av forskinga si fastslo Douglas viktigheita av høvet mellom den sosiale strukturen og dei symbolske representasjonane av verdiane som vert førte vidare i samfunnet.

Purity and Danger (1966) mini|Vårreingjering i Nederland i 1951. «[W]e must treat the spring millinery and spring cleaning in our towns as renewal rites which focus and control experience as much as Swazi first fruit rituals.»Purity and Danger s. 69. mini|Ein rabbinar ser etter skjel på ein sverdfisk. Fiskar er berre rekna som lovlege å eta for jødar om dei både har finnar og skjel, og sverdfisk fell berre av og til inn i denne kategorien.

Boka Purity and Danger (norsk Rent og urent) er ein analyse av konseptet om rituell reinleik og forureining i ulike samfunn, og er ein sentral tekst i sosialantropologi. Douglas freista å konstruera eit generelt omgrep om korleis rituell reinleik vart etablert. Teksten er kjend for sitt lidenskaplege forsvar av både ritual og reinleik i ei tid då førestillingar om ureinleikar vart handsama med forakt. Til skilnad frå Claude Lévi-Strauss, som nytta ei strukturalistisk tilnærming, freista Douglas å demonstrera korleis folk sine klassifikasjonar spelte ei rolle i å seia kva som vart sett på som unormalt og korleis ein handsama dette. Douglas insisterte på viktigheita av å forstå omgrepet forureining og rituell reinleik ved å samanlikna eins eigne forståingar og ritual med «primitive» ritual.

Reinleik i europeiske og «primitive» samfunn Douglas meinte «primitive» samfunn var klassifiserte som dei som ikkje kjende seg i eit skilje mellom det å vera rein og det å vera urein. For vestlege samfunn finst det eit klårt skilje mellom kva som er skitent og kva som vert sett på som heilag. Difor, skriv Douglas:

For primitive samfunn er hugskota om tabu og heilagdom personifisert av førestillingane om venlege eller uvenlege guddomar; det finst ein separasjon fordi gjenstandar, menneske eller stadar er assosiert med anten gode eller dårlege guddomar. For at denne ureinleiken skal overførast, må det vera kontakt; å vera i fysisk kontakt med ein gjenstand som vert sett på som urein, gjer det mogeleg for ei overføring av ureinleik til kroppen. Ein forskjell å gjera med kristendomen, til dømes, der ureinleiken ikkje ville gått over på kroppen sjølv, men anden. For å forstå andre samfunn si forståing av tabu og heilagdom understreka Douglas at ein måtte forstå sin eigen fyrst.

Definisjonen av «ureint» Douglas braut ned ei vanleg eurosentrisk misforståing om at ritual for reinleik vart utvikla med hygiene som mål. Det å unngå å eta svinekjøt i islam vert ofte forklåra på bakgrunn av hygiene. Douglas meinte det fanst eit klårt skilje mellom det å erkjenna sidefordelane ved rituelle handlingar og det å vurdera dei som ein heilskap og ei tilstrekkeleg forklåring på rituelle handlingar. Vidare erkjende Douglas at det fanst ein sterk likskap mellom europeiske ritual og primitive ritual i prinsippet, og utelét dei ymse grunnlaga som skilde europeiske ritual basert på hygiene og primitive ritual basert på symbolikk: europeiske reinleiksritual søkjer å drepa bakteriar, medan primitive ritual av reinleik søkjer å avverja andar. Douglas meinte likevel at det ikkje var nok å avgrensa differensieringa mellom europeiske ritual og primitive ritual til berre hygieniske fordelar. Ho hevda den moderne oppfatninga av skit var synonymt med kunnskap om bakteriar;

Dersom ein fjernar førestillingane om bakteriar og hygiene frå omgrepet skit, står ein berre att med symbolikken til skit;

Skit er med andre ord feilplasserte gjenstandar («Dirt as matter out of place»), som er element som ikkje passar inn i ei form for systematikk, konkluderte Douglas.

Skit som uorden i den symbolske strukturen Douglas heldt dinest fram med å etablera førestillinga om at menneske hadde ein tendens til å strukturera objekt og situasjonar rundt seg i skjema og velorganiserte system. Dess eldre folk vart, dess meir sjølvtillit og erfaringar etablerte ein i strukturane sine. Ideelt sett var det slik at dess meir konsistent ei oppleving var innanfor ein struktur, dess meir tillit ville eit menneske ha til denne opplevinga. Som eit resultat ville eit menneske som møtte fakta eller tendensar som forstyrra strukturen, i stor grad ignorera desse. Det som vart sett på som ureint var gjenstandar eller fenomen som ikkje samsvara med den eksisterande sosiale eller symbolske strukturen. Douglas assosierte skit som ei form for forstyrring av orden, og som difor måtte ekskluderast for å halda fram med integriteten i systemet sitt, og samfunnet elles.

«The Abomination of Leviticus» Mary Douglas er òg kjend for tolkinga si av Leviticus, i kapittelet «The Abomination of Leviticus» i boka Purity and Danger. Her analyserte ho kosthaldslovene i Moseboka gjennom eit strukturalistisk og symbolistisk synspunkt, og for rolla hennar i å skapa den kulturelle teorien om risiko. I «The Abomination of Leviticus» skreiv ho at kosthaldslovene ikkje var ernæringsbaserte, men snarare sosiale grenser jamfør kategorisering. Douglas meinte det samfunnet rekna som reint og ureint var ein måte for dei å strukturera menneskelege erfaringar. Inst inne – det som tyder noko – var å nytta tema som reinleik, separasjon og ureinleikar for å skapa orden og struktur til uorganiserte opplevingar. I Leviticus, når ein kategoriserer kva for nokre dyr ein har lov til å eta, er grisar forbode. Sjølv om dei er klauvdyr – slik som kyr og geiter – et dei ikkje gras og lagar ikkje mjølk, noko som gjer grisar til ein anomali jamfør strukturen i verda. Grisar vert difor ekskluderte frå strukturen, og kategoriserte som ureine dyr.

mini|Vinflasker frå ulike land, frå Frankrike, Australia og Sør-Afrika. Medan etikettane på dei franske vinane legg vekt på kontrollert opphav, legg etikettane på dei nye vekt på kva druetype som er nytta.

Natural Symbols (1970)

I boka Natural Symbols introduserte Douglas omgrepa «gruppe», som definerer kor klårt eit individ sin sosiale posisjon er innanfor eller utanfor ei avgrensa sosial gruppe, og «nett», som definerer kor klårt eit individ si sosiale rolle er innanfor eit nettverk av sosiale privilegium, krav og plikter. Gruppe-nett-mønsteret vart forbetra og omplassert for å leggja grunnlaget for kulturteori.

The World of Goods (1979)

I The World of Goods undersøker ho dei kommunikative funksjonane til forbruksvarer. Ho meiner at folk nyttar varene til å kommunisera med kvarandre, for å forstå verda og for å formidla kunnskap om kven og kva dei er.Johansson & Miegel 1996, s. 89f

How Institutions Think (1986)