Bernt Severinsen () var ein norsk arbeidsmann og polikar frå Løten i Hedmark, busett på Sætre i Hurum. Han var stortingsmann 1922-24 frå Buskerud for Høgre.
Bernt Severinsen var son til ein jordlaus husmann. Sjølv arbeidde han i 1890-åra på papirfabrikken Granfos Brug i Bærum. Like etter år 1900 flytta han til Hurum, der han sidan var blyloddar på ein dynamittfabrikk.
I Hurum var Severinsen medlem av kommunestyret, ei tid også med sete i formannskapet. Gjennom stortingsvalet 1921 fekk han plass på Stortinget. «Han var ikke særlig aktiv på Stortinget, men var en drivende kraft i valgarbeidet» og vart tillagt ein del av æra for at partiet Høgre i 1921 vann tre av dei fem plassane i valkrinsen Buskerud. «Det sies at han ikke en eneste gang de tre årene på Stortinget grep ordet, men var desto mer aktiv i komitearbeidet.» Stortingsbolken 1925-27 var han fyrste varamann frå Buskerud.
Kjelder «Kommune – styr deg selv», 1987
Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Folk frå Løten Kategori:Folk frå Hurum