«Are You Ready» er ein song av det australske rockebandet AC/DC. Han finst på albumet The Razors Edge frå 1990. Eit konsertopptak av songen frå turneen med same namn kom ut på eitt av to konsertalbum av AC/DC i 1992, Live: 2 CD Collector's Edition. Låten gjekk til topps på singellista i New Zealand, og vart den einaste nummer éin-hitten deira der, og har vorte gullsertifisert for eit sal på over 5000. Låten nådde òg 16. plassen på den amerikanske Billboard Album Rock Tracks-lista, nummer seks i Irland, nummer 14 i Finland og nummer 18 i Australia. Bladet Music & Media kalla låten «det beste dømet på eit retorisk spørsmål».{ «Are You Ready» vart brukt som det offisielle temaet for WWE SmackDown på Fox og for NRK-serien Mesternes mester.

Musikkvideo Musikkvideoen til denne songen, regissert av David Mallet,mvdbase.com - AC/DC - «Are you ready?» viser fangar som deltek på ein AC/DC-minikonsert i fengselet sitt. Ein fange blir kledd opp for å gjera seg klar til bandet skal spela songen. Vaktene barberer hovudet hans nesten skalla, og lèt etter seg hår som utgjer logoen til AC/DC, den som liknar på omslaget til musikkvideoen til bandet, Clipped. Videoen vart filma i Bray Studios i Storbritannia, og dei som portretterte fangane hadde svart på ein open invitasjon sendt ut av Tommy Vance under hans Friday Rock Show på BBC Radio 1 nokre dagar tidlegare. Deltakarane fekk beskjed om å ta seg til Baker Street i London, der dei fekk delt ut «uniformene» sine og vart frakta med buss til Bray.

Innhald 7-tommar og kassettsingel «Are You Ready» «Got You by the Balls» To avgrensa utgåver av 7-tommar singlar vart òg gjevne ut i Storbritannia. Ein av dei kom med eit AC/DC-klistremerke, medan det andre kom forma som ein liten ransel.

Australsk 12-tommar og CD-singel «Are You Ready» – 4:10 «Got You by the Balls» – 4:29 «D.T.» – 2:59 «Chase the Ace» – 3:00

Europeisk 12-tommar og CD-singel «Are You Ready» – 4:10 «Got You by the Balls» – 4:29 «The Razors Edge» – 4:22

Medverkande Brian Johnson – solovokal Angus Young – sologitar Malcolm Young – rytmegitar, korvokal Cliff Williams – bassgitar, korvokal Chris Slade – trommer

Salslister

Vekeslister Liste (1991)PlasseringEuropa (Eurochart Hot 100)73Finland (Suomen virallinen lista)14

Årslister Liste (1991)PlasseringNew Zealand (Recorded Music NZ)27

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Are You Ready (AC/DC song)» frå , den 29. juni 2023. oppgav desse kjeldene:  

Kategori:Songar frå 1990 Kategori:Singlar frå 1991 Kategori:AC/DC-songar Kategori:Albert Productions-singlar Kategori:Atco Records-singlar Kategori:Musikkvideoar regisserte av David Mallet Kategori:Nummer-ein-singlar i New Zealand Kategori:Songar produserte av Bruce Fairbairn Kategori:Songar skrivne av Angus Young Kategori:Songar skrivne av Malcolm Young