Gary Lee Yoder () var ein USA-amerikansk musikar, som var med i fleire psykedeliske rockeband i San Francisco i 1960-åra, inkludert The Oxford Circle, Kak og Blue Cheer.
Yoder vart fødd i Pasadena i California. The Oxford Circle (danna i 1966) og Kak (danna i 1968) vart begge danna i heimbyen til Yoder i Davis i California, og bestod av den same kjernen av medlemmer.Frank Gutch,Intervju med Dehner Patten, gitarist i Oxford Circle og Kak, våren 2008. Pop Culture Press; www.popculturepress.com. Sjølv om Oxford Circle ofte delte scene med kjemper som Grateful Dead, Jefferson Airplane og Janis Joplin, oppnådde dei ikkje same ry og fekk aldri platekontrakt. I 1997 vart livealbumet Live at the Avalon 1966 gitt ut. Det kom på sjetteplassen på Record Collector si liste over dei 50 beste nyutgivingane i 1997, framfor nyutgivingar av Pink Floyd, Grateful Dead og Santana, og fekk òg ei god melding i Mojo.
Kak skulle berre gi ut éi plate i 1969, Kak, som har vorte eit samlarobjekt. Ho vart gitt ut på nytt av Big Beat Records i 1999 som Kak-ola. Denne innspelinga inneheldt i tillegg upubliserte soloverk av Yoder.
Yoder opptredde av og til før sin død,See Notice of August, 2008 engagement at Davis Farmers Market, Davis, California; www.davisfarmersmarket.org, retrieved 09-01-16. Yoder is described as playing «Southern Rock 'n' Roll». 75 år gammal den 7. august 2021. Bill Buchanan, «Davis musician Gary Lee Yoder, RIP», KDRT.org, 9. august 2021. Henta 28. august 2021
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gary Lee Yoder» frå , den 6. juli 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikarar frå California Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:Folk frå Davis i California Kategori:Blue Cheer-medlemmar