Asbjørn Balthazar Syrrist () var ein norsk jurist, bladmann og politikar frå Horten i Vestfold. Han var stortingsrepresentant 1913-15 for partiet Høgre.
Etter mellomskule i hovudstaden, utdanna Syrrist seg 1891-93 ved Krigsskulen. Åra 1894-97 arbeidde han som lærar i heimbyen. 1898 var han redaktør i Søndmør Folketidende, frå 1899 hadde han tilsvarande stilling i Tønsbergs Blad i over tjue år. Han var så politimeister 1918-24 i Tønsberg og sidan sakførar i same byen.
I tida 1908-13 var Syrrist medlem i bystyret i Tønsberg. Ved stortingsvalet 1912 vart han vald til å representere einmannskrinsen Tønsberg på Stortinget 1913-15. Han var då medlem av Protokollkomiteen og Komiteen etter Grunnlovas § 75.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske juristar Kategori:Norske redaktørar Kategori:Folk frå Horten Kategori:Folk frå Tønsberg Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915