mini|Ulike tesortar av Twinings.
Twinings () er eit britisk selskap som hovudsakleg har spesialisert seg innanfor sal av te. Merket er ått av Associated British Foods, og er basert i Andover i Hampshire. Selskapet har ei lang soge, med den eldste kontinuerleg brukte selskapslogoen i Storbritannia, som ein av dei lengst skattebetalande i London, og operert med det same lokale på The Strand i London sidan 1706. Twinings opererer med ulike tesortar: svart te, grøn te og urtete, saman med ulike fruktsmakar.
Soge Twinings vart grunnlagd av Thomas Twining frå Painswick i Gloucestershire i England. Han opna den fyrste kjende testova i Storbritannia, ved No. 216 på The Strand i London sidan 1706; som framleis opererer i dag.Phillips-Evans, James (2012) The Longcrofts: 500 Years of a British Family, Amazon, pp. 244–245 Logoen til selskapet, laga i 1787, er den lengst kontinuerleg brukte logoen i Storbritannia.
Selskapet er tildelt ein «Royal Warrant» — som inneber at det britiske våpenskjoldet får pryda på emballasjen, eit symbol på at den britiske kongefamilien jamleg brukar dette produktet. Twinings vart kjøpt av Associated British Foods i 1964. Selskapet vert mykje assosiert med Earl Grey te, ein te infusert med bergamott.
Twinings flytta mesteparten av produksjonen sin til Kina og Polen i slutten av 2011, medan dei heldt fram med fabrikken i Andover i Hampshire med redusert arbeidskraft.
I 2023 stansa Twinings produksjonen av lapsang souchong, og erstatta det med eit produkt ved namnet «Distinctively Smoky», som er sett på å vera av dålegare kvalitet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Twinings» frå , den 16. desember 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipingar i 1706 Kategori:Britiske føretak