Hanna Marie K. Bergstrøm, fødd Magnusson (), var ein norsk fagforeiningsleiar og politikar for Kommunistpartiet.

Biografi Bergstrøm vart fødd i Stockholm og stifta ei fagforeining i Malmö i 1906, men utvandra til Noreg og Oslo. Ho arbeidde som syar og var aktiv i fagforeininga Syerskenes forening/Konfeksjonsarbeidernes forening. Ho gjekk inn i Kommunistpartiet i 1925, leia kvinnenemnda der og vart medlem av politbyrået i 1929. Ho stilte til stortingsval i 1927, 1930 og 1933. Som toppkandidat ved valet i 1930 var Hanna Bergstrøm den einaste kvinnelege toppkandidaten i dei tre første vala Kommunistpartiet stilte til (1924, 1927, 1930). Ho var også styremedlem i fagforeininga Skredderforbundet frå 1928, men vart ekskludert i 1931.

Under den tyske okkupasjonen av Noreg vart ho fengsla på Bredtveit konsentrasjonsleir frå 17. august 1942 til 14. desember 1944. Etter andre verdskrigen stilte ho til val i 1945. Ho døydde tre år seinare.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hanna Bergstrøm» frå , den 28. juli 2024.

Kategori:Nordmenn frå 1900-talet Kategori:Overlevande frå Bredtveit konsentrasjonsleir Kategori:Norske motstandsfolk Kategori:Lokalpolitikarar i Oslo Kategori:NKP-politikarar Kategori:Norske fagforeiningsleiarar