Manatar (Trichechus) er ei slekt store pattedyr som lever i salt- og ferskvatn. Manatane er planteetarar, og bruker det meste av tida si til å beita. Dei held til i grunne, sumpaktige kystområde og elvar i tropiske og subtropiske strok rundt Atlanterhavet, i både fersk- og saltvatn.
Trichechus (manatar) er einaste slekta i familien Trichechidae. Saman med dugongfamilien utgjer manatane ordenen sjøkyr (Sirenia). Manatane skil seg frå dugongane ved at hovudet er meir avrunda og ved at halen er forma som ei stor, rund padleåre, medan dugonghalen deler seg i to.
Det finst tre artar manatar.Offisielle norske namn finst ikkje. Desse namna er foreslåtte av ein tilsett ved Zoologisk museum i Oslo. Alle tre er rekna som sårbare av Verdas naturvernunion.
Senegalmanat (Trichechus senegalensis) som held til langs vestkysten av Afrika, frå Senegal til Angola, og i elvesystema innover i landet. Amazonasmanat (Trichechus inunguis) som lever i elvesystemet i Amazonas Amerikamanat (Trichechus manatus), som finst rundt dei vestindiske øyane i Det karibiske havet og langs nordaustkysten av Sør-Amerika. Floridamanat (Trichechus manatus latirostris) og antillmanat (Trichechus manatus manatus) vert rekna som underartar av amerikamanaten.Reynolds JE og DK Odell. Manatees and Dugongs. Facts on file, 1991. ISBN 0-8160-2436-7
Det er funne hybridar mellom amazonasmanat og amerikamanat ved munningen av Amazonaselva.Vianna, JA, et al.: Phylogeography, phylogeny and hybridization in trichechid sirenians: implications for manatee conservation. Molecular ecology. 2006, 15, 433-447.
Generelt om manatar
Evolusjon Gruppa Trichechines, eller verkelege manatar, skilde seg ut frå Dugonginidane i midten av miocentida, truleg i Sør-Amerika. Då fekk dei den karakteristiske utskiftinga av tannsettet. Først seinare, i pliocen eller pleistocen, vandra dei nordover og tversover Atlanterhavet til Afrika. Nyare analyse av arvematerialet stadfestar at amerikamanaten og senegalmanaten skilde lag etter at amazonasmanaten skilde seg ut som ein eigen art.
Oppdelinga av amerikamanaten i to underartar er omdiskutert. Denne oppdelinga er særleg tufta på skilnader i skallen. Analyse av arvematerialet speglar ikkje denne skilnaden, men viser i staden skilnad på dyr frå nord- og sørsida av deltaet til Orinocoelva og dei små Antillane.
Anatomi og fysiologi Ein manat kan bli opptil 4,5 meter lang, avhengig av art, hoa er større enn hannen. Bortsett frå det er einaste ytre skilnad på kjønna at hannens ytre kjønnsorgan sit framme ved navlen (midt på buken), mens hoa har sitt bak ved anus (ved halerota). Skjelettet er særs massivt, beinmerg finst berre i brystbeinet og ryggvirvlane. Han har ikkje baklemmer, men det finst restar av bekkenbein i muskulaturen på bakkroppen. Framme har han sveiver. Skinnet er frå grått til brunt, med ujamn overflate og noko hårvekst. Han manglar ytre øyre. Overleppa er fleksibel, med vêrhår. Dyret nyttar sveivar og lepper til å føre maten inn i kjeften.
Lungene er flate, opp mot ein meter lange og ligg på ryggsida av dyret. Om lag 90 % av lufta i lungene blir skifta ut ved kvar pust. Langsetter kroppen ligg to mellomgolv. Desse går frå ryggvirvlane ut mot kvar side på dyret. Desse mellomgolva skil lungene frå tarmane. Kvar lunge ligg altså i sitt eige lukka rom. Dyra kommuniserer under vatn med lydar i området 6-8 KHz.
Eit særtrekk ved manatane er seks virvlar i halsryggsøyla, i staden for sju som er vanleg hos pattedyr. Eit anna særtrekk er at tennene blir kontinuerleg skifta ut bakfrå og framover, i staden for periodisk, og nedanfrå og oppover. Tennene blir altså slitne ned framme, og skifta ut med tenner som veks opp lengst bak i kjeven og vandrar framover.
Reproduksjon Av di det er usikkert korleis ein fastslår alder på manatar, veit ein ikkje når dei blir kjønnsmogne. Truleg skjer det mellom seks og ti års alder. Paringa kan skje både under vatn og ved overflata, og ei ho kan pare seg med meir enn ein hann. Svangerskapet varer mellom tolv og tretten månader, som regel har dei berre ein kalv. Kalven er om lag 120 cm lang og veg 30 kg. Han blir fødd i vatnet, og diar få timar etter fødselen. Han diar i eit år, men kan gå med mora i to år.
Hoa har eggløysing fleire gonger i året, kanskje så ofte som kvar månad. Dei får kalvar med frå to til fem års mellomrom.
Ernæring mini|Antillmanat med fôr i ein dyrehage. Manaten kan ete eit vidt spekter av planter i og ved vatn. Dei har berre ein mage, men ein utvida tolvfingertarm som er nesten like stor. Dei har og tynn- og tjukktarm, begge opp mot 20 meter lange hos eit velvakse individ. Nedbrytinga av cellulose skjer hovudsakleg i tjukktarmen, ved gjæring. Dette er ein prosess som frigjer store mengder metangass. Denne meltingsprosessen liknar den ein finn hos t.d. hestar.
Dykking Nasebora på manaten blir lukka med klaffar under dykking. Når store manatane kviler kan dei vera under vatn i opp til tjue minutt. Er dei aktive er tida kortare, i snitt to til tre minutt. Det er ikkje sikkert om dei har den typiske forseinka hjarterytmen (bradykardi) som andre sjølevande pattedyr har under dykking. Forsøk med dukking av manatar gjev bradykardi, mens forsøk der dei dykkar friviljug ikkje viser dette.
Jakt Ein drap tidlegare manatar fleire plassar, for å bruka feitt, kjøt, skinn og knoklar, men dyra er no rettsleg verna dei fleste plassar. Alle manatartane er rekna som sårbare dyreartar i raudlista til Verdas naturvernunion, men det er uvisst kor mykje talet på dyr aukar eller minskar.
Dei ulike artane Senegalmanat mini|Senegalmanat i akvariet i Toba i Japan. Senegalmanaten (Trichechus senegalensis) er òg kalla West African manatee på engelsk. Av dei nolevande sjøkyrne er det senegalmanaten ein veit minst om. Ein trur at han lever i dei same områda no som tidlegare, men at populasjonane minkar og at enkeltpopulasjonar i området forsvinn.
Han liknar amerikamanaten, men er noko mindre rund, og har ein annleis snuteform. Det ser ut til at nedre grense for vasstemperatur er 18 °C. Han har same levevis, men det er funne muslingar i vomma på slakta dyr, han kan altså ete noko animalsk føde.
Land Status Senegal Det er manatar langs heile kysten og oppover Senegalelva. Kor langt opp dei går er ukjent, men det varierer truleg med vassføring og årstid. Dyra er verna. Gambia Lite manatar ved kysten, men ikkje uvanleg i nedre del av Gambiafloden. Desse dyra kan vera truga av oppdemming av elva. Dei er allereie truga av mangel på ferskvatn grunna tørke og reduserte mangrovesumpar. Liberia Til stades, ukjent kor mange Guinea-Bissau Relativt få langs kysten, talrike i Bijagós-øyane. Aktiv jakt er ikkje vanleg, men kjøtet blir ete når ein får dei i garn.Silva MA og A Araújo: Distribution and current status of the West African manatee (Trichechus senegalensis) in Guinea-Bissau. Marine Mammal Science, 2001, 17 (2):418-424. Guinea Ingen data Sierra Leone Utsett for jakt, minst tjue dyr tatt årleg. Kjøtet finst på marknader. Dyr finst i fleire av elvane. Elfenbeinskysten Utsett for jakt, minst tjue dyr årleg. Overslag over populasjonen varierer frå tre hundre til fleire tusen. Ghana Fangst er forbode, dyret er uvanleg. Togo og Benin Ingen data Niger og Mali Det har vore mange manatar i Niger-deltaet. Opplysningane sprikar om status no. Tsjad Usikkert om manatar finst i Tsjad. Omdiskutert om det finst ein stamme i Tsjad-sjøen. Nigeria Talrike tidlegare, truleg færre no. Manatar blir jakta i Nigeria. Kamerun Jakt skjer, trass lovforbod Det er manatar i alle større elvar langs kysten, varierande storleik på populasjonane. Ekvatorial-Guinea Ingen data Gabon Ingen sikre data, truleg talrik Kongo-Brazzaville og Kongo Ingen sikre data. Truleg talrik i Kongoelva Angola Ingen sikre data. Cuanza-elva er truleg sørgrensa for senegalmanaten. Denne tabellen er sett opp på grunnlag av data frå 1980-talet dersom ikkje anna er skrive.
Amazonasmanat mini|Amazonasmanat teikna av Sharon Mooney. Amazonasmanat (Trichechus inunguis, peixe-boi på portugisisk) er den minste av manatane. Det lengste individet som er dokumentert var 2,8 meter langt, eit anna vog 480 kg. Amazonasmanaten skil seg frå dei andre manatartane ved mellom anna at han har glatt skinn etter nyfødttida, kvite eller rosa flekkar på buken, lengre og smalare snute, og ikkje negler.
Den største skilnaden mellom amazonasmanaten og dei andre manatartane, er at han lever berre i ferskvatn; i Amazonaselva, samt elvar og sjøar i samband med ho. Dei lever helst i «kvitt vatn», altså vatn med normal pH. Dette i motsetnad til «svart vatn», som er kjenneteikna av låg pH. Dei føretrekk kanalar og flaumsjøar, og ein temperatur i vatnet mellom 25 °C og 30 °C.
Dei lever i flokkar på fire til åtte dyr, tidlegare blei dei observerte i større flokkar. Dei kan vera under vatn i opp til fjorten minutt. I motsetnad til dei andre manatartane tyder mykje på at amazonasmanaten har årstidsvariasjonar i ernæringa. I fangenskap et dei 9 til 13 kg planter om dagen. I naturen ser det ut til at dei fastar i tørkesesongen, då vasstanden kan søkke med opp til 10-15 meter, og dyra kan bli isolert i område utan grøne vekstar. Truleg kan dei leve på feittreservane i opp til 200 dagar. Dei har eit lågt stoffskifte året rundt, men dette gjeld også til ein viss grad dei andre manatane. I tillegg skjer det meste av kalvinga i perioden februar - mai, då vatnet stig att etter tørketida. I fangenskap er kalvane om lag 80 cm lange når dei kjem til verda, og aukar vekta med om lag ein kilo i veka. Lengda aukar med 1,4 cm i veka. Dei et seks liter mjølk i veka og diar i eitt år.
Mens dei andre manatane i liten grad er bytte for rovdyr, jagar både haiar, jaguarar og kaimanar på amazonasmanaten. I tillegg blei amazonasmanaten utsett for intensiv jakt i tida frå 1780-talet til 1954, då både skinn og kjøt var eksportartiklar. På toppen av dette kom ei særs kraftig tørke i 1963 som sette bestanden kraftig attende.
Korleis situasjonen er no, er uviss. I Brasil er det gjort forsøk med utsetjing av manatar i ein kunstig innsjø etter vassdragsregulering (ved Santarém). Ny genforsking viser at det er mogeleg at talet på amazonasmanatar aukar.Cantanhede AM et al.: Phylogeography and population genetics of the endangered Amazonian manatee, Trichechus inunguis Natterer, 1883 (Mammalia, Sirenia). Molecular Ecology (2005)14:401-413.
Land Status Brasil Rundt rekna 5 000 dyr, mogeleg vekst i talet. Guyana I Rio Tacatu på grensa til Brasil Colombia I tillegg til Amazonas finn ein manatar i Putumayo, Caquetá og delar av Apaporis. Sjeldan, nær utrydding. Peru Dei lever i Napo, Tigre, Marañón, Samiria, Ucayali og Huallagaelva. Sjeldan, nær utrydding. Ecuador I lagunar ved elvane Aguarico og Cuyabeno. Få, og utsette for jakt.
Amerikamanat mini|Amerikamanat. Amerikamanat (Trichechus manatus) blir på engelsk kalla Caribbean eller West Indian manatee. I 1934 blei det gjort framlegg om at amerikamanaten hadde to underartar. At det faktisk er to underartar, blei slege fast av Domning og Hayek i 1986Domning, DP og LC Hayek. Interspecific and intraspecific morphological variation in manatees (Sirenia:Trichecus). Marine Mammal Science 2(2):87-144., på grunnlag av skilnader i skjeletta, særleg skallane. Floridamanaten lever i Florida i USA, i tillegg sporadisk frå Texas til Virginia. Antillmanaten lever frå nord på atlanterhavskysten i Mexico til Bahia i Brasil, og på dei karibiske øyane. Floridastraumen mellom Florida og Cuba skil dei to underartane.
Floridamanat Floridamanaten (Trichechus manatus latirostris) er den manatarten ein veit mest om. Han kan bli 3,9 meter lang og vega rundt 1,5 tonn. Gjennomsnittleg storleik for ein vaksen manat er tre meter og 500 kg. Til skilnad frå amazonasmanaten har han tre eller fire negler på sveivene. Livslengda er truleg over 50 år.