miniatyr|Born badar frå nersetterbåt Nersetterbåt er ein klinkbygd robåt, som har vorte brukt til tømmerfløyting, laksefiske, drivvedsanking og transport av folk og varer i Drammensvassdraget.

Ein «nersetter» er ein person som fløyter tømmer eller fraktar andre varer nedetter vassdraget. Båten har fått namn etter ein som driv dette yrket..

Nersetterbåten er ein spissbåt bygd for roing, men har og vorte bygd med spegel, tiltenkt påhengsmotor.

Båten er flatbotna men ein låg kjøl, og stikk ikkje djupt i vatnet. Om kjølen er litt djupare på midten, vert båten opplevd som lettare å manøvrere i vekslande straum. Stamnane er lave, og stig slak trå grunnaste kjølen til stamntoppane. Vanlege nersetterrbåtar er frå 5 til vel 6 meter lange. Dei har vorte bygde med høgde halsar. Her kalla vinnhærser. 175 centimeter lange stokkar vart kløyvde og uthogde. Mellom framhals og bakhals ligg eit flatt bord, sandbordet.

Nersetterbåtane kunne tidlegare ha to bord opp om botnen, og vart kalla tobording. Seinare, når den største skogen var uthogd, vart det brukt eit bord meir. Lenge vart band og stamnar laga av naturleg krokvaksne emne av fure eller gran. Seinare har dei delvis vorte utsaga av plankar. (BU). For å forsterke det øvste bordet, var det sett på smale esingar utvendig og innvendig. Nersetterbåten har for det meste vorte bygd på malar.

Det har vore vanleg å klinkbygge båtane med båtsaum og roer. Tidlegare har det vorte brukt nykt båtspikar.

Kring 1860 var det vanleg at tømmerfløytarar frå Drammensvassdraget arbeidde ved lensene i nedre del av Glomma. Båtane dei brukte der har mykje likskap med nersetterbåtar, som dei var vande med.

Det har vorte bygd mindre båtar enn den vanlege nersetterbåten. Desse vert kalla Jagern. Som namnet seier er dette den kjappaste av elvebåtane. På vassdraget har det og vore ein transportversjon (ca 6-7 meter lang og ca 2,5 meter brei). Dei har vorte kalla Røyert eller Storbåt og vart brukt til transport av teglstein og tremasse frå Eikerbygdene og ned til Drammen hamn Desse kunne laste opp mot 10 tonn.

Ein kan mellom andre stader sjå nersetterbåten på Temte Gård og Bygdesamling. Kjelder

Denne artikkelen bygger delvis på «Nersetterbåt» frå , den 3. juli 2025.

Referansar

Kategori:Klinkbygde båtar Kategori:Robåtar Kategori:Norske innlandsbåtar