mini|Visundhann Visund (Bison bonasus), ofte kalla visent (etter tysk) eller europeisk bison er uksedyr i ætti Bison, og er tyngste landdyret i Europa. Ein fullvaksen visundukse kann verta 2,9 meter lang og nær 2 meter høg, og vega upptil 900 kg. Visundar er flokkdyr som lìver av urter, gras og kvistar. Dei finst i dag i naturreservat i Polen (Białowieżaskogen), Kviterussland, Russland (Vest-Kaukasus) og Øystersjolandi. Slaget er truga av utrydjing, og er reikna som sårnæmt av IUCN.

Sogeleg utbreiding

For 2 000 år sidan livde visundane i eit stort umkverve av fastlands-Europa, frå sud med Spania til nord åt Sverike, og frå England i vest til Sibir i aust. Visunden vart utrudd i mest heile Vest-Europa på 1000-talet, so nær som i Ardennane der han heldt seg til 1300-talet. Den sidste ville visunden vart skoten i Vest-Kaukasus i 1927.

I dag er det gjort stort arbeid for å tryggja dyreslaget og auka talet på viltlìvande visund att. Polen hev leidt detta arbeidet med dyreheimen Białowieża, der dei no hev 350 visundar. I heile verdi er det um lag 3 000, som alle ættar frå Białowieżaskogen.

Kjeldor

Olech, W. (IUCN SSC Bison Specialist Group), «Bison bonasus» (2008) i IUCN 2012. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2012.2. <www.iucnredlist.org>. Henta 24. januar 2013. «bison – europeisk» i Store norske leksikon. «kaukasusvisent» i Store norske leksikon.

Kategori:Høgnorske flokkar