Oddmund Myklebust () var ein norsk fiskar og politikar frå Harøya i Møre og Romsdal. Han var fiskeriminister i Borten-regjeringa frå 12. oktober 1965 til 8. november 1968 som representant for Senterpartiet.
Myklebust dreiv fiske frå unge år, gjekk folkehøgskule 1935/36. Etter andre verdskrigen var han skipper på fiskebåt og aktiv i fagforeiningar, i to bolkar formann i Sunnmøre Fiskarlag. Han var mange år medlem i Haram kommunestyre, seinare i Sandøy kommunestyre. Myklebust tok over styringa av Fiskeridepartementet då Per Borten i oktober 1965 vart leiar for ei samlingsregjering. Han trekte seg frå regjeringa i 1968, grunna sjukdom.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Oddmund Myklebust» frå , den 3. november 2025.
Kategori:Norske fiskarar Kategori:Norske skipsførarar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Borten Kategori:Folk frå Sandøy