Rikke Gürgens Gjærum () er ein norsk professor i anvend drama/teater. Ho er prorektor for utdanning ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, og ho er busett i Harstad.
Utdanning Gjærum er fødd i Oslo. Ho utdanna seg først som allmennlærar og dramapedagog frå Universitetet i Stavanger og Høgskolen i Oslo og Akershus.
Ho har hovudfag i teatervitskap frå Universitetet i Oslo med avhandlinga Regi og teaterorganisering: casestudie av Bentein Baardson regi av Garmann & Worse & Co på Rogaland teater (1996–1997).
Ho har doktorgrad i drama/teater frå Institutt for kunst- og medievitskap ved NTNU med avhandlinga En usedvanlig estetikk: en studie av betydningen av egenproduserte teatererfaringer for det usedvanlige mennesket (2004).Rikke Gürgens: "En usedvanlig estetikk" - en studie av betydningen av egenproduserte teatererfaringer for det usedvanlige mennesket, NTNU 2004 Ho var Noregs forskningsråds-stipendiat på Velferdsprogrammet.
Forsking
Gjærum var forskingsleiar ved Høgskolen i Harstad frå 2007 til 2010. Fra 2010 til 2012 hadde ho ei post doc.-stilling ved Høgskolen i Harstad, og fekk deretter professortittel alt som 39-åring. Gjærum har hatt ei bistilling ved OsloMet som professor i drama/teater (2011-2025).
Gjærum var initiativtakar og forskingsleiar for det nasjonale prosjektet "Teater – Drama – Demokrati" (2013–16) som hadde som mål å studere korleis drama og teater bidrar til å danne det demokratiske mennesket, i møtet mellom verk, hending og arbeidsform.
Gjærums forskingsfelt er knytt til fleire tema: anvend teater, kunst og helse, disability art, inclusive research, pragmatisk estetikk, poesi og teater som forskningsformidling, dramapedagogikk, utdanningspolitikk, Covid- kvardagskonsekvensar, performance ethnography, arktisk humaniora, demens, CRPD og community science.Rikke Gürgens Gjærum, UIT: Forskningsinteresser
Forskingsformidling Gjærum er ein svært produktiv formidlar av forsking, og ho har publisert ei rekke artiklar og bøker. Nasjonalt vitenarkiv:Rikke Gürgens Gjærum Ho var også leiar for studien "Kvinner i norsk teater" som såg på rolletildeling og kjønn i norske institusjonsteater.
I tillegg til forskingspublisering, driv Gjærum med redaktørverksemd. Ho har gitt ut 4 antologiar om forskingsmetode og forsking innan anvend teater. Ho har også vore temaredaktør for fleire tidsskrift: Gjærum var temaredaktør for Peripeti- tidsskrift for dramaturgiske studier årg. 8, nr. 16, 2011, tema: "Kreative strategier"Peripeti- tidsskrift for dramaturgiske studier, årg. 8, nr. 16, 2011 . Gjærum var redaktør for "Kunstdidaktikk og marginal røster" i Nordic Journal of Art and Research nr. 2, 2015 Nordic Journal of Art and Research Vol. 4 No. 2 (2015). Gjærum var redaktør for temanummeret "Kjønn" i Norsk dramapedagogisk tidsskrift nr. 3, 2016. Gjærum var initiativtakar og redaktør til temanummeret: "Aesthetics and Ethics: Arts Education as a Catalyst for Sustainable Development" i Nordic Journal of Art and Research nr. 2, 2023Nordic Journal of Art and Research Vol. 12 No. 2 (2023): Aesthetics and Ethics: Arts Education as a Catalyst for Sustainable Development for å skildre korleis kunstfaga bidrar til å nå FNs berekraftmål. Gjærum har også vore gjesteredaktør for tidsskriftet Børne og ungdomskultur i Norden.
Gjærum er ein aktiv samfunnsdebattant innan universitetssektoren, blant anna som talskvinne for høgare utdanning si betydning for samfunnsutviklinga, kunstfaga sin plass i skolen og for større fokus på likestillingsproblematikk i utdanningsfeltet.
Skjønnlitterær forfattarskap
I 2023 debuterte Gjærum som skjønnlitterær forfattar da ho gav ut dikt- og novellesamlinga Portretter av transformert lytting. Og i 2025 kom diktsamlinga Borte. Heimanfrå. Begge bøkene blei utgitt på Lyrikkforlaget og skrive på nynorsk.
Mottakinga av bøkene var gode. "Rikke Gürgens Gjærum leverer i sin debut ei solid diktsamling. Den har gode kvalitetar ved seg og eg vil tru at dei ypparste av dikta kan trekkast fram og brukast ved viktige hendingar i livet." (Kåre Torvanger i Harstad Tidende 23.11.2023"Debuterer med dikt om viktige hendingar i livet frå barndom til alderdom", Harstad Tidende 23.11.2023 )
Prisar og utmerkingar Forskingsformidlingsprisen ved Høgskolen i Harstad i 2015.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rikke Gürgens Gjærum» frå , den 27. desember 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Professorar ved Universitetet i Tromsø Kategori:Professorar ved Oslomet – storbyuniversitetet Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Nynorskforfattarar