Shkodra Elektronike er ein albansk folktronica-duo danna i 2019 i Shkodër. Duoen består av Kolë Laca og Beatriçe Gjergji. Dei representerte Albania i Eurovision Song Contest 2025 med songen «Zjerm», der dei kom på åttandeplass i finalen. Musikkstilen deira kombinerer elektronisk musikk, pop og tradisjonelle albanske element. Karriere
Duoen kjem opphavleg frå Shkodër i Nord-Albania. Begge medlemmene vart fødde der, men flytta seinare til Italia, der dei voks opp og fekk dobbelt albansk–italiensk statsborgarskap. Dei vart kjende i Albania gjennom fleire populære singlar, mellom anna «Ku e Gjeta Vedin» og «Synin si Qershia» i 2020. Etter kvart byrja dei å opptre på ulike internasjonale festivalar.
Shkodra Elektronike skreiv òg songen «E jemja nuse», som vart framført av Rezarta Smaja i Festivali i Këngës 60, der songen enda på tredjeplass. I 2022 gav dei ut debut-EP-en Live @ Uzina, med singelen «Turtulleshë» som hovudspor.
Eurovision Song Contest 2025 I 2024 vart Shkodra Elektronike valde ut til å delta i Festivali i Këngës 63 med songen «Zjerm». Den 21. desember 2024 sikra dei finaleplass, og vann til slutt festivalen, noko som gav dei retten til å representere Albania i Eurovision Song Contest 2025. I den internasjonale finalen hamna dei på åttandeplass med totalt 218 poeng.
Sjølv om dei ikkje vann Eurovision Song Contest, fekk duoen svært gode kritikkar. I ein artikkel frå CNN med tittelen «All 26 Eurovision songs, ranked from worst to first» vart «Zjerm» kåra til det beste bidraget.
Artikkelen framheva duoen sin særprega kombinasjon og dei uttrykksfulle tekstane i songen, og meinte dei hadde potensial til å sikre Albania sin første siger. CNN siterte Beatriçe Gjergji, som fortalde om dei sterke kjenslene og presset ved å stå på Eurovision-scena, og la til at duoen sitt distanserte forhold til den typiske Eurovision-stilen bidrog til særpreget deira og store fansympati.
Musikalsk stil og uttrykk Musikken til Shkodra Elektronike er prega av ein sjangerblanding som kombinerer elektronisk musikk, pop og tradisjonell albansk folkemusikk. Han er bygd opp kring fengande melodiar, drivande rytmar og tekstar som ofte tek for seg tema som kjærleik og kvardagsliv. Kjernen i prosjektet er duoen si interesse for å tolke og fornye tradisjonelle songar frå Shkodër i ein moderne elektronisk stil.
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Shkodra Elektronike» frå , den 6. desember 2025.
Kategori:Albanske musikkgrupper Kategori:Albanske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-deltakarar