Kjell Tellander () var ein norsk offentleg tenestemann frå Oslo. Han var rådmann i Bodø kommune i nær 40 år og etter andre verdskrigen administrativ leiar for gjenreisinga av Nord-Noreg. Perioden 1945–49 representerte han kjøpstadene i Nordland, Troms og Finnmark i Stortinget som medlem av Høgre.
Etter juridisk embetseksamen i 1922 flytta Tellander til Tromsø der han var fullmektig hos byfuten. Han fungerte som byfut då han i 1927 fekk stilling som juridisk sekretær hos teknisk rådmann i Aker kommune. I mai 1928 vart Tellander tilsett som borgarmeister/rådmann i Bodø kommune. Med korte avbrot sat han i stillinga fram til han fekk pensjon ved utgangen av 1967.
I august 1940 vart han av Administrasjonsrådet utnemnd til administrativ leiar for gjenreisinga av krigsskadde stader i Nord-Noreg, Bodø ein av dei. Hausten 1945 stod Tellander på fyrsteplass på Høgre si valliste for kjøpstadene i Nordland, Troms og Finnmark ved stortingsvalet. Heile stortingsperioden hadde han sete i Kommunalkomitéen.
Kjelder
Stortinget.no Denne artikkelen bygger på «Kjell Tellander» frå , den 10. mai 2026.
Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Nordland, Troms og Finnmark Kategori:Norske juristar Kategori:Politikarar frå Oslo Kategori:Folk frå Bodø