Raidió Teilifís Éireann (RTÉ) (norsk omsetjing radio og fjernsyn Irland) er statlege allmennkringkastar i Irland for radio, fjernsyn og nye medium. Dagens selskap blei etablert i 1960, men dei fyrste offentlege radiosendingane starta allereie gjennom det irske postvesenet 1. januar 1926. Regulære fjernsynssendingar starta opp 31. desember 1961. 26. mai 1996 lanserte RTÉ nettstaden rte.ie. RTÉ gjev også ut eit vekemagasin kalla RTÉ Guide.

RTÉ blir finansiert gjennom ei årleg kringkastingsavgift og reklameinntekter. Nokre av tenestene til selskapet blir finansierte av avgifta, medan til dømes nettsida blir finansiert av reklameinntekter. RTÉ er eit offentleg organ, og oppgåvene, finansiering og drifta til selskapet er heimla i ein eigen kringkastingslov. Selskapet er leia av eit styre som blir utpeika av den irske regjeringa, medan den daglege drifta blir handtert av eit driftsstyre leia av generaldirektøren. Hovudkvarteret til RTE ligg i Dublin. i 2016 hadde selskapet 1984 heiltids- og deltidstilsette, tilsvarande 1834 årsverk. mini|OB-vogner for RTE sine utomhus-sendingar ein gong i 1970-åra. Sjølv om dagens kringkastingsselskap blei grunnlagt 1. juni 1960, har offentleg kringkasting lang historie på Irland. Dei fyrste offentlege radiosendingane starta frå Dublin i januar 1926 gjennom kanalen 2RN. Kanalen skifta seinare namn til Radio Éireann (Radio Irland), og blei driven som ei eiga avdeling av det irske post- og telegrafdepartementet. Dei tilsette i radioen var tilsette av den irske regjeringa og var rekna som offentlege tenestemenn. I 1950 var Radio Éireann ein av dei 23 europeiske kringkastingsselskapa som grunnla Den europeiske kringkastingsunionen (EBU).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Raidió Teilifís Éireann» frå , den 24. juni 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Den europeiske kringkastingsunionen Kategori:Kringkastingsstasjonar og -nettverk Kategori:6°V Kategori:53°N