Works er ei samleplate av Pink Floyd frå 1983, gjeve ut av deira tidlegare amerikanske plateselskap Capitol Records. Albumet er mest kjend for å innehalde songen «Embryo», og dette er i dag einaste staden der ein kan finne dette sporet offisielt. I januar 1970 vart det derimot gjeve ut på ei sjeldan samleplate med forskjellige artistar kalla Picnic - A Breath of Fresh Air. Songen vart mykje spelt på konsertane til Pink Floyd rundt 1970. I tillegg inneheld albumet alternative versjonar av «Brain Damage» og «Eclipse», og antakeleg er dette stereomiksar frå den kvadrofoniske utgåva av The Dark Side of the Moon.

Innhald Side ein «One of These Days» – 5:50 (frå Meddle, inneheld delar av «Speak to Me» frå The Dark Side of the Moon) «Arnold Layne» – 2:52 (singel frå 1967 - ein uekte «stereomiks» tatt frå den originale monomiksen som ein finn på albumet Relics) «Fearless» – 6:03 (frå Meddle) «Brain Damage» – 3:50 (frå The Dark Side of the Moon - alternativ miks) «Eclipse» – 1:45 (frå The Dark Side of the Moon - alternativ miks)

Side to «Set the Controls for the Heart of the Sun» – 5:23 (frå A Saucerful of Secrets) «See Emily Play» – 2:54 (singel frå 1967 - ein uekte «stereomiks» tatt frå den originale monomiksen som ein finn på albumet Relics.) «Several Species of Small Furry Animals Gathered Together in a Cave and Grooving with a Pict» – 4:47 (frå Ummagumma) «Free Four» – 4:07 (frå Obscured by Clouds) «Embryo» – 4:39 (frå samlinga Picnic - A Breath of Fresh Air frå 1970)

Medverkande David Gilmour - gitar og vokal Roger Waters - bass, vokal og lydeffektar Richard Wright - Tangentinstrument Nick Mason - Trommer, perkusjon og lydeffektar Syd Barrett - Gitar og vokal på «Arnold Layne» og «See Emily Play»

Salslister Liste (1983)PlasseringAustralia (Kent Music Report)64

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Works (Pink Floyd album)» frå , den 24. desember 2006. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Album produserte av David Gilmour Kategori:Album produserte av Joe Boyd Kategori:Album produserte av Nick Mason Kategori:Album produserte av Norman Smith Kategori:Album produserte av Richard Wright Kategori:Album produserte av Roger Waters Kategori:Samlealbum av Pink Floyd Kategori:Samlealbum frå 1983 Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios Kategori:Capitol Records-album