Česká Lípa okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Liberec kraj i Tsjekkia. Det ligg vest i regionen og grenser i sør mot Sentral-Böhmen, i vest mot Ústí nad Labem kraj og i nord mot Tyskland.
Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).
Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Česká Lípa okres:
Česká Lípa SO Nový Bor SO
Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Česká Lípa SO 75 932 74 803 75 119 Nový Bor SO 25 963 25 953 25 840 Česká Lípa okres 101 895 100 756 100 959
Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Česká Lípa 35 890 Nový Bor 11 433 Mimoň 6 101 Doksy 5 177 Stráž pod Ralskem 4 377 Cvikov 4 334 Kamenický Šenov 3 796 Zákupy 2 837 Ralsko 2 087 Žandov 1 844 Dubá 1 681
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Ceska Lipa Ceska Lipa