Konstantin IX Monomakos (gresk Κωνσταντῖνος Θ Μονομάχος), fødd ca. 1000, død 11. januar 1055, var bysantinsk keisar frå 11. juni 1042 til 11. januar 1055. Han var blitt vald av keisarinne Zoë Porfyrogenita til ektemann og medkeisar i 1042, sjølv om han tidlegare var blitt send i eksil etter å ha konspirert mot den tidlegare ektemannen hennar, keisar Mikael IV. Dei styrte saman til Zoë døydde i 1050.

Oppvekst Konstantin Monomakos var son av Theodosius Monomakos, ein viktig byråkrat og administrator under keisarane Basileios II og Konstantin VIII.Kazhdan, s. 1398 På eit tidspunkt hadde Theodosius vore under mistanke om konspirasjon, og karrieren til sonen leid under denne mistanken. Konstantin steig likevel i akting då han gifta seg (for andre gong) med ei niese av keisar Romanos III. Då det kom for dagen at keisarinne Zoë hadde eit godt auge til Konstantin, blei han forvist av keisar Mikael IV til Mytilene på Lesvos.Kazhdan, s. 1398

Døden til keisar Mikael IV og opprøret mot Mikael V i 1042 førte til at Konstantin blei kalla tilbake frå eksil og innsett som dommar i Hellas.Finlay, s. 500 Før han byrja i embetet blei han kalla til Konstantinopel, der han hamna midt i den bitre striden mellom etterfølgjarane til Mikael V, systrene Zoë og Theodora. Zoë søkte rundt seg etter ein ny ektemann for å styrkja posisjonen sin. Fyrstevalet hennar, Konstantin Dalassenos, hadde vist forakt for keisarinne, og måtte avvisast. Den neste moglege maken, Konstantin Atroklines, døydde under mystiske omstende kort tid før bryllaupet. Zoë vende seg då til den kjekke og urbane Konstantin Monomakos. Dei gifta seg 11. juni 1042, utan deltaking av patriarken av Konstantinopel, som ut frå reglane til kyrkja nekta å forretta over det tredje ekteskapet til både brura og brudgommen. Dagen etter blei Konstantin formelt utropt til keisar Konstantin IX saman med Zoë og Theodora. Konstantin tok for øvrig ope med seg kjærasten sin, Maria Skleraina inn i keisarpalasset, og gav henne ei leiande rolle.

Keisartid Konstantin heldt fram med politikken til Zoë og Theodora med å fjerne slektningane til Mikael V frå administrasjonen.Finlay, s. 505 Han var òg under sterk påverknad frå Maria Skleraina og slektningane hennar. I august 1042 fjerna keisar general George Maniakes frå stillinga si i Italia etter ein intrige sett i scene av Maria sin bror Romanos, men Maniakes drap fyrst Romanos i raseri og lét soldatane utropa seg til keisar i september.Norwich, s. 249 Han drog med mennene sine til Balkan og var nær ved å sigra over Konstantin sin hær då han blei såra og døydde.Norwich, s. 250 venstre|mini|Den såkalla Monomakhos-krona, ca. 1042. Konstantin IX si særbehandling av Maria Skleraina i fyrste del av regjeringstida hans førte til spekulasjonar om at ho planla drap på Zoë og Theodora. Dette førte til opprør blant borgarane i Konstantinopel i 1044, og opprørarane var farleg nær å skada keisaren under eit religiøst opptog i gatene i Konstantinopels. Mobben blei likevel roa då Zoë og Theodora kom ut på ein balkong i palasset og viste at det ikkje var nokon trussel mot dei.Finlay, s. 503

I 1045 annekterte Konstantin det armenske kongedømmet Ani etter ein avtale mellom kong Hovhannes-Smbat III av Armenia og keisar Basileios II om at riket skulle styrast av Hovhannes-Smbat så lenge han levde, og deretter innlemmast i Austromarriket. Innlemminga av Ani skaffa likevel imperiet nye fiendar. I 1046 kom bysantinarane for fyrste gong i kontakt med seldsjukane. Dei kom i kamp i september 1048, og inngjekk våpenkvile året etter.Finlay, s. 520 Dei seldsjukkiske leiarane var innstilt på å overhalda freden, men dei tyrkiske allierte opptredde meir aggressivt mot bysantinarane. Striden mot selsjukkane enda med eit knusande nederlag for bysantinarane i slaget ved Manzikert i 1071.Norwich, s. 259 Konstantin starta òg forfølgingar av den armenske kyrkja for å freista å tvinga henne inn under den ortodokse, noko som var viktig i striden mellom den katolske og ortodokse kyrkja, som no var svært intens.

I 1047 gjorde sonen til Konstantin, Leo Tornikios, opprør i den trakiske byen Adrianopel, og etter å ha fått ein viss støtte i regionen freista han å ta Konstantinopel.Canduci, s. 269 Han måtte likevel gje opp omleiringa, og blei teken til fange under tilbaketrekkinga. Opprøret hadde svekka det bysantinske forsvaret på Balkan og opna for at petsjenegarar kunne herja og plyndra i regionen i fleire år framover. Forsøk frå keisaren på å nedkjempa dei nomadiske stammene med diplomati førte ikkje fram, sidan rivaliserande stammar òg kjempa innbyrdes. mini|250x250pk|Leo Tornikios sitt angrep på Konstantinopel, illustrasjon frå Johannes Skylitzes-krønika. Innanrikspolitisk prøvde Konstantin å styrka posisjonen sin ved å gje store skattelette til adelen og aristokratiet.Med adel menes her den samfunnsklassen som på gresk betegnes som «δυνατοί», (på engelsk «dyntoi»), «de mektige». Norsk betegnelse på denne klassen savnes. Han nytta òg ein bysantinsk variant av ein slags føydal kontrakt der inntekter eller skatteinntekter frå landområde blei gjevne til enkelte personar mot at dei opprettheldt militære styrkar (pronoia-system)Kahzdan, s. 504).Finlay, s. 504

Det store skismaet I 1054 førte dei gamle skilnadane mellom den ortodokse og den katolske kyrkja til ei fullstendig og permanent splitting og separasjon mellom kyrkesamfunna, det såkalla store skismaet.Canduci, s. 268 Skismaet hadde ein djup teologisk bakgrunn, men den direkte årsaka til splittinga var pave Leo IX si misnøye med den bysantinske riket sin manglende støtte til kampen pavekyrkja førte mot normannarane i Italia. Paven sjølv var blitt såra og mennene hans drivne tilbake etter ein kamp i byen Civitate utanfor Roma. Pavyekirkja ynskte å forhandla ei eining mellom Bysants og Roma, og paven sende ein delegasjon til Konstantinopel beståande av kardinal Humbert av Mourmoutiers, kardinal Fredrik av Lorraine (den seinare pave Stefan IX) og erkebiskop Peter av Amalfi. Delegasjonen opptredde likevel litt udiplomatisk og gjorde patriarken av Konstantinopel, den ganske pavekritiske Mikael Kerularios, vreid. Midt under forhandlingane døydde pave Leo, men dette hindra ikkje kardinal Humbert i å på eige hand senda ein bannbulle mot heile den ortodokse kyrkja. Kerularios svarte med å ekskommunisera den romerske delegasjonen, og splittinga var dermed eit faktum.

Konstantin prøvde å gripa inn, men han blei sjuk og døydde den 11. januar 1055. Kona hans Zoë var død allereie i 1050, og rådgjevarane til keisaren prøvde å hindra at systera til Zoë, den gamle Theodora, tok over makta. Dei ynskte å setja henne til side og overlate makta til den bulgarske duxen Nikephoros Proteuon,Finlay, s. 527 men maktkampen enda likevel med at den tilårskomne Theodora, dotter av Konstantin VIII, blei henta og utropt til keisarinne.Treadgold, s. 596

Totalt sett var regjeringstida til Konstantin ein katastrofe for det bysantinske imperiet,Norwich, s. 251 særleg den militære svekkinga som han i stor grad var ansvarleg for bidrog sterkt til det påfølgjande tapet av Vesleasia til tyrkarane etter slaget ved Manzikert i 1071.

Arkitektur og kunst Konstantin IX var opptatt av kunst og litteratur, og i regjeringstida sine utvida han dei juridiske og filosofiske studiane ved universitetet i Konstantinopel. Filosofen og historikaren Mikael Psellus var sentral i keisarkrinsen, og i historieverket Chronographia gjev han eit utfyllande samtidsbilde av regjeringstida til Konstantin. Psellus gjev òg ei skildring av Konstantin («raudmussa som sola ... »).Psellos, s. 144

Like etter at han kom på trona i 1042 sette Konstantin IX i gang med gjenoppbygging av Den heilage gravkyrkja i Jerusalem som var blitt øydelagd, fyrst av kalifen Al-Hakim bi-Amr Allah i 1009,Finlay, s. 468 deretter av eit jordskjelv i 1033. Det var blitt gjeve løyve til gjenoppbygging i ein avtale mellom Al-Hakim sin son Ali az-Zahir og den bysantinske keisaren Romanos III, men det var Konstantin som finansierte og sette i gang gjenoppbygginga av kyrkja og andre kristne institusjonar i det heilage landet. Gjenoppbygginga skjedde under kalif Al-Mustansir Billah. Opplysingane om Konstantin sin medverknad stammar frå 1100-talskrønikeskrivaren erkebiskop William av Tyr, men den meir samtidige greske historikaren Johannes Skylitzes gjev keisar Mikael IV æra.

Familie Konstantin Monomakos var gift tre gonger:

Ei kvinne med ukjent identitet. Helena Skleraina, dotter til Basileios Skleros som var oldebarn av Bardas Skleros, og niese av keisar Romanos III. Keisarinne Zoë Porfyrogenita

Etter at den andre kona hans døydde tok Konstantin kusina sin Maria Skleraina til elskarinne. Då Konstantin døydde i januar 1055 hadde han ei anna elskarinne, ei viss Alania, truleg Irene, dotter av den georgiske prinsen Demetrius av AnakopiaLynda Garland with Stephen H. Rapp Jr. (2006). Mart'a-Maria 'of Alania' . An Online Encyclopedia of Roman Emperors. Besøkt 3. april 2011. (noverande Akhali Atoni i Abkhasia).

Han hadde ingen born med den fyrste (ukjende) kona si, og heller ikkje med den aldrande Zoë. Men han fekk ei dotter med anten Helena eller elskarinna Maria Sklerina. Ho heitte Anastasia og gifta seg (sannsynlegvis) med den seinare storfyrsten Vsevolod I av Kyiv i 1046. Slektnamnet til Konstantin Monomakos (‘den som kjemper alene’) finn ein hjå barnebarnet hans i Kyiv, Vladimir Monomakh.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Konstantin IX» frå , den 28. oktober 2026.

Primærkjelder

Michael Psellus, Bysantinska porträtt, Forumbiblioteket (Stockholm), 1984 Johannes Stylitzes, A Synopsis of Byzantine History 811 – 1057, Cambridge University Press, 2010

Sekundærlitteratur

John Julius Norwich, Bysants’ historie, Pax Forlag A/S, 1997 Warren Treadgold, A History of the Byzantine State and Society, Stanford University Press, 1997 George Finlay, (1856), History of the Byzantine Empire from DCCXVI to MLVII, 2nd Edition, Published by W. Blackwood Timothy E. Gregory, A History of Byzantium, Blackwell Publishing, 2005, ISBN 0-631-23512-4 Alexander Kazhdan (red.), The Oxford Dictionary of Byzantium, Oxford University Press, 1991 Alexander Canduci, Triumph & Tragedy: The Rise and Fall of Romas Immortal Emperors, Pier 9, 2010, ISBN 978-1-74196-598-8 Michael Angold, The Byzantine empire 1025–1204, Longman, 2nd edition, 1997, ISBN 0-582-29468-1 Jonathan Harris, Constantinople: Capital of Byzantium, Hambledon/Continuum, 2007, ISBN 978-1-84725-179-4

Kategori:Austromerske keisarar