mini|Kristiansand domkyrkje Agder og Telemark bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja og omfattar Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder fylke. Sidan 2013 har Stein Reinertsen vore biskop i Agder og Telemark. Biskopen har sete i Kristiansand med Kristiansand domkyrkje.
Historie I 1125 vart Stavanger bispedømme utskilt frå Bjørgvin. Dette nye bispedømmet strekte seg langs kysten frå Haugesund i vest til Gjernestangen mellom Risør og Kragerø, seinare til og med Eidanger, i aust. I 1682 gav kongen ordre om at biskop og stiftamtmann skulle flytte frå Stavanger til Kristiansand.
Agder bispedømme med Telemark og dei to Agder-fylka som sitt område vart oppretta i 1925, ved at Stavanger og Rogaland vart utskilt som eit eige bispedømme. Frå 1. januar 2005 vart namnet endra til Agder og Telemark bispedømme.
Biskop Olav Skjevesland markerte seg språkpolitisk i 2006 då han reiste til Oslo for å søkje departementet om å sleppe pålegget om å nytte nynorsk som administrasjonsspråk i Agder og Telemark bispedømme.
Biskopar
Bernt Andreas Støylen 1925-1930 James Maroni 1930-1946 Johannes Smemo 1946-1951 Johannes Smidt 1951-1957 Kaare Støylen 1957-1973 Erling Utnem 1973-1983 Halvor Bergan 1983-1998 Olav Skjevesland 1998-2012 Stein Reinertsen 2013-
Prosti
Agder og Telemark bispedømme har følgjande prosti:
Kristiansand domprosti Arendal prosti Aust-Nedenes prosti Bamble prosti Lister og Mandal prostiOtredal prosti Skien prosti Vest-Nedenes prosti Øvre Telemark prosti
Fellesråd
Bispedømmet har har følgjande fellesråd:
Arendal Bamble Birkenes Bygland Bykle Drangedal Evje og Hornnes Farsund Flekkefjord Froland Fyresdal Gjerstad Grimstad Hjartdal Hægebostad Iveland Kragerø Kristiansand Kvinesdal Kviteseid Lillesand Lyngdal Midt-Telemark Nissedal Nome Notodden Porsgrunn Risør Seljord Siljan Sirdal Skien Tinn Tokke Tvedestrand Valle og Hylestad Vegårdshei Vennesla Vinje Åmli Åseral
Bakgrunnsstoff Om Agder og Telemark bispedømme på nettstaden til Den norske kyrkja
Kategori:Bispedøme i Den norske kyrkja Kategori:Telemark fylke Kategori:Aust-Agder fylke Kategori:Vest-Agder fylke