mini|Ein espresso framstår som ein mørk, konsentrert drikk med eit raud-brunt skumlag på toppen. Dei vert serverte i små porsjonar. Espresso (av italiensk 'esprimere', «presse ut» eller «presse gjennom») er ein spesiell måte å bryggje kaffi på, som gjev ein veldig kraftig, smakfull drikk. Dette skjer ved at kaffien vert bryggja under trykk. Drikken vert servert i små porsjonar på om lag 3 cl, og vert laga ved å presse varmt vatn gjennom finmalen kaffi. Franskmannen Descroisilles fann opp espresso/mokka-kanna i 1802. Denne forma for kaffi hadde likevel størst gjennomslag i Italia, der italienaren Gaggia fann opp espressomaskina i 1946.
I Italia, der drikken kjem frå, er espresso den vanlegaste forma for kaffi, og den typen ein får servert dersom ein bestiller kaffi på ein bar eller resturant. Filter- og kokekaffien slik vi kjenner han er lite kjend i Italia. Espresso vert brukt som fundament for andre drikkar som inneheld kaffi, som t.d. caffè latte, cappuccino og cortado.
Variasjonar Lungo (lang): meir vatn (omtrent dobbelt så mykje) vert pressa gjennom kaffipulveret, noko som gjev ein svakare men bitrare smak, samt meir koffein. Ristretto (restriksjon): mindre vatn, meir konsentrert Doppio (dobbel): to espressoar i ein kopp. Corretto (korrigert): med ein eller anna form for brennevin. Americano (Amerikansk): blanda ut med varmt vatn. Caffe’ Macchiato (merka, markert): med ei matskei mjølkeskum. Cortado: blanda ut med med varm mjølk.
Sjå òg Barista Kaffibar Kafé
Bakgrunnsstoff How to make espresso : thedomesticbarista.com Coffee Geek TooMuchCoffee: The European Coffee and Espresso Resource How to make a homemade espresso machine
Kategori:Kaffi Kategori:Italiensk drikke