«Breathe»Songen vert kalla «Breathe in the Air» på 20-årsjubileumsutgåva av The Dark side of the Moon og på film-utgåva av Pulse er ein song av det britiske bandet Pink Floyd frå albumet deira The Dark Side of the Moon frå 1973.
Komposisjon Songen har sakte tempo og fyldig struktur med David Gilmour sin slidegitar og vokal over fleire spor med dempa og varm klang. Ein meiner at songen representerer fødsel. Teksten, som er skriven av Roger Waters, bed lyttaren om å ta ein pause i det tilsynelatande endelause arbeidslivet og leggje merke til meir meiningsfulle syslar i livet.
Songen startar direkte frå «Speak to Me», og på enkelte utgåver av albumet er begge desse første spor på plata. Derfor vert dei ofte spelte i lag på radio.
Breathe (Reprise) Ein reprise av songen kjem etter «Time» på albumet. Han er på same spor som «Time», og vert derfor ofte oversett som ein del av plata. Reprisen er meir eller mindre identisk til første versjonen, men med eit tredje vers. I tillegg er han ikkje like «rundt i kantane», som «Breathe».
Andre versjonar Songen vart spelt på Live 8-konserten og her vart «Breathe» og «Breathe (Reprise)» kombinert til ein song, noko Pink Floyd aldri har gjort før. På Roger Waters si soloplate In the Flesh: Live er songen sungen av Doyle Bramhall og Jon Carin.
Medverkande David Gilmour – elektrisk gitar, fleirspora pedalsteelgitar, solo- og korvokal Roger Waters – bassgitar Richard Wright – Hammondorgel, Fender Rhodes elektrisk piano Nick Mason – trommer
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Breathe (Pink Floyd song)» frå , den 29. juni 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Pink Floyd-songar Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar skrivne av David Gilmour Kategori:Songar skrivne av Richard Wright Kategori:Songar skrivne av Roger Waters Kategori:Songar produserte av David Gilmour Kategori:Songar produserte av Roger Waters Kategori:Songar produserte av Richard Wright Kategori:Songar produserte av Nick Mason