«Brain Damage» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd på albumet deira The Dark Side of the Moon frå 1973. Songen er skriven og sungen av Roger Waters, og er den einaste songen Waters faktisk syng på albumet, sjølv om han skreiv alle tekstane. Etter Waters gjekk frå bandet tok David Gilmour vokalistrolla på songen.

Komposisjon Songen går forholdsvis langsam, og er bygd opp av vers og refreng. Sjølv om songen heiter «Brain Damage» er det mange som kallar han «Dark Side of the Moon» fordi denne tekstlinja vert nemnd i refrenget. Songen glir rett over i «Eclipse», og desse vert ofte spelte i lag på radio.

Tema

Roger Waters har sagt at det galskapsbaserte temaet i teksten er basert på Syd Barrett, tidlegare frontfigur i Pink Floyd. Linja «I’ll see you on the dark side of the moon» indikerer at Waters kjende noko av det same som Barrett i form av mentale særeigenskapar. Linja «And if the band you're in starts playing different tunes...» referer til episodar på slutten av Barrett si tid med bandet, då han fleire gongar spelte noko heilt anna enn resten av bandet under konsertar. Songen opnar med ei ganske vidkjent tekstlinje: «The lunatic is on the grass...» Teksten mot slutten av songen referer til lobotomi.

Andre versjonar Ei konsertutgåve av songen vart gjeven ut på P*U*L*S*E, og er her sungen av David Gilmour. In the Flesh: Live, eit konsertalbum av Waters, innneheld ein versjon av songen i lag med «Eclipse» Ein alternativ versjon av songen med ein annan lydmiks vart gjeve ut på samlealbumet Works.

Medverkande Roger Waters – bassgitar, solovokal, lydbandeffektar David Gilmour – elektrisk gitar, harmonivokal Richard Wright – Hammondorgel, VCS3 synthesizer Nick Mason – trommer, røyrbjøller, lydbandeffektar

med:

Lesley Duncan – korvokal Doris Troy – korvokal Barry St. John – korvokal Liza Strike – korvokal

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Brain Damage (song)» frå , den 5. januar 2007.

Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Pink Floyd-songar Kategori:Songar skrivne av Roger Waters Kategori:Songar produserte av David Gilmour Kategori:Songar produserte av Roger Waters Kategori:Songar produserte av Richard Wright Kategori:Songar produserte av Nick Mason Kategori:Songar om Syd Barrett Kategori:Songar om sjukdom og lidingar