mini|Steinkjer kyrkje frå 1965 er den nyaste kyrkja i prostiet. mini|Sakshaug gamle kyrkje frå 1184 er ei av dei to 1100-talskyrkjene i prostiet. Ho er eigd av Fortidsminneforeninga. mini|Mære kyrkje er frå siste halvdelen av 1100-talet. Nord-Innherad prosti var eit tenestedistrikt i Nidaros bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten hadde sete i Steinkjer kor Steinkjer kyrkje var prostikyrkje.Steinkjer kyrkje frå Kyrkjesøk 1. januar 2019 vart prostiet slått saman med Sør-Innherad prosti til det nye Stiklestad prosti.

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske Kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.

Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

Sokn i Nord-Innherad prosti Steinkjer (tidlegare prestegjeld) med Steinkjer sokn Egge sokn

Sparbu (tidlegare prestegjeld) med Mære sokn Henning sokn Ogndal sokn

Stod (tidlegare prestegjeld) med Stod sokn Kvam sokn Føling sokn

Beitstad (tidlegare prestegjeld) med Beitstad sokn Namdalseid sokn

Snåsa (tidlegare prestegjeld) med Snåsa sokn

Inderøy (tidlegare prestegjeld) med Inderøy sokn Røra sokn Sandvollan sokn Mosvik sokn

Verran (tidlegare prestegjeld) med Verran sokn Malm sokn

Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune Kyrkjer i Noreg etter prosti

Referansar

Bakgrunnsstoff Nettsida til Den norske kyrkja

Kategori:Tidlegare prosti i Noreg Kategori:Trøndelag fylke Kategori:Nidaros bispedømme