Molde domprosti er eit tenestedistrikt i Møre bispedømme i Den norske kyrkja. Sidan det er knytt til Molde domkyrkje, er det leia av ein domprost.
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske Kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.
Prestetenesta lokalt vart tidlegare organisert i prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde prostiet desse prestegjelda:
Prestegjeld og sokn i Molde domprosti
Molde Domkyrkje prestegjeld med Molde Domkyrkje sokn
Bolsøy prestegjeld med Bolsøy sokn Veøy sokn Røvik sokn Kleive sokn Sekken sokn
Eide prestegjeld med Eide sokn
Fræna prestegjeld med Hustad sokn Myrbostad sokn Vågøy sokn Bud sokn
Aukra prestegjeld med Aukra sokn Midsund sokn Sandøy sokn
Nesset prestegjeld med Nesset sokn Eresfjord sokn Vistdal sokn Eikesdal sokn
Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter prosti Kyrkjer i Noreg etter kommune
Bakgrunnsstoff Nettsida til Den norske kyrkja
Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Møre og Romsdal fylke Kategori:Møre bispedømme Kategori:Romsdal