thumb|Åsane kyrkje Åsane prosti tidlegare Arna og Åsane prosti er eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner Osterøy kommune og Arna og Åsane i Bergen kommune. Prosten har sete i Åsane.
Prostiet vart skipa i 1990. Det femnde då prestegjelda Arna og Åsane. Dei høyrde før det til Bergen Domprosti. Lenger attende høyrde Arna til Haus prestegjeld og Åsane til Hamre prestegjeld. I 2014 vart sokna på Osterøy ført over til Arna og Åsane prosti frå Nordhordland prosti. Frå 1. januar 2024 blei sokna i Osterøy slått saman til Osterøy sokn, som har grenser som fell saman med Osterøy herad. Frå 1. juni 2015 endra prostiet namn frå Arna og Åsane prosti til Åsane prosti.
Prostia er inndelte i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.
Sokn Prostiet har åtte sokn (2025).
Arna sokn Biskopshavn sokn Bruvik sokn Eidsvåg sokn Osterøy sokn Salhus sokn Ytre Arna sokn Åsane sokn
Prestegjeld Prestetenesta vart tidlegare leia lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Arna og Åsane prosti desse prestegjelda:
Åsane prestegjeld med Åsane sokn
Arna prestegjeld med Arna sokn Ytre Arna sokn
Biskopshavn prestegjeld med Biskopshavn sokn
Eidsvåg prestegjeld med Eidsvåg sokn
Salhus prestegjeld med Salhus sokn
Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune
Referansar
Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Hordaland fylke Kategori:Bjørgvin bispedømme Kategori:Skipingar i 1990