mini|Ål kyrkje Hallingdal prosti er eit tenestedistrikt i Tunsberg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Nes og Ål.Hallingdal prosti frå Den norske kyrkja Prosten har sete i Ål kor Ål kyrkje er prostikyrkje.Ål kyrkje frå Kyrkjesøk

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

Sokn og tidlegare prestegjeld i Hallingdal prosti Flå og Nes, tidlegare Nes prestegjeld Flå sokn Nes sokn

Gol - tidlegare var Gol og Hemsedal slått saman og heitte Gol og Hemsedal prestegjeld. Sokna var dei same som no; Gol, Herad og Hemsedal sokn. Gol sokn Herad sokn

Hemsedal Hemsedal sokn

Hol, tidlegare Hol prestegjeld med Hol og Hovet sokn Dagali og Skurdalen sokn Geilo sokn

Ål, tidlegare Ål prestegjeld med Ål sokn Torpo sokn Leveld sokn

Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter prosti Kyrkjer i Noreg etter kommune

Kjelder

Kategori:Tunsberg bispedømme Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Buskerud fylke